- Legg ned Førde-skular

VIL TA GREP: ? Skulestrukturen kan ikkje vere freda, meiner Eva Marie Halvorsen (H). T. h. kommunalsjef Helge Sæterdal. Foto: Helge Johnsen.

VIL TA GREP: ? Skulestrukturen kan ikkje vere freda, meiner Eva Marie Halvorsen (H). T. h. kommunalsjef Helge Sæterdal. Foto: Helge Johnsen. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Vil frigjere midlar til å heve kvaliteten

DEL

Høgre meiner at Førde må redusere talet på skular, for å frigjere midlar til spesialpedagogikk og kvalitetsheving.

Ønskjer utgreiing

Dette varsla gruppeleiar og varaordførar Eva Marie Halvorsen, då finanskomiteen (formannskapsmedlemene pluss Frps gruppeleiar) i går gjekk gjennom neste års budsjettframlegg. Partiet kjem ikkje med konkrete framlegg i denne omgang, men vil reise debatten innan bystyret skal vedta ny økonomiplan i juni neste år.

Holsen og Karstad

Ho ser føre seg moglege omleggingar som at elevane frå Holsen skulen i framtida kan gå på ein fullt utbygd Sunde skule.

– Også Karstad skule i Solheimsdalen har lågt elevtal, seier Eva Marie Halvorsen, som i debatten møtte kontant motbør frå KrFs Bjørn Harald Haugsvær:

– Eg er ikkje med på nedlegging av skular, så lenge den pedagogiske kvaliteten er god.

Vil frigjere midlar

Halvorsen varsla dette etter at budsjettframlegget for neste år ikkje gir skulesektoren det løftet som var stilt i utsikt, og i praksis vidareføre dei tronge driftsrammene skulane har måtte leve med i fleire år.

– Vi vil be om ei utgreiing om skulestrukturen i Førde, for å sjå om vil kan få frigjort midlar til timar og lærarressursar, sa Halvorsen.

Manglar 4,5 millionar

– Skulane manglar 4,5 mill kroner, og får det ikkje til å gå rundt. Då må vi våge å snu steinar. Vi kan ikkje ha som utgangspunkt at skulestrukturen skal vere freda. Grendehusfunksjonane må uansett kunne vidareførast, om det blir omleggingar, seier Halvorsen til Firda.

Slagord for rådhus

Men samstundes som Høgre-gruppeleiaren ser føre seg færre skulebygg, gjorde ho i det same innlegget klart at ho tviheld på rådhusprosjektet i sentrum.

– Eg har til og med eit slagord: «Kvar by med respekt for seg sjølv bør har eit rådhus. Kvar politikar med respekt for byen sin bør arbeide for det», sa Halvorsen, til sterke innvendingar frå rådhusets fremste motstandar, Frps Frank Willy Djuvik:

– Vi treng heller slagord om dei svakaste og dei som treng støtte mest, før vi tek til å snakke om bygningar, sa Djuvik.

Artikkeltags