– Lakselus er ei utfordring i bransjen, og det er vi opptekne av å ta på alvor. Sulefisk sine utfordringar er verken større eller mindre enn våre kollegaer, men vi har valt å satse offensivt for å vere med på å finne løysingar for morgondagen, seier daglig leiar Michael Niesar til heimesida til Solund kommune.
Sjå video av laseren, nederst i saka.
Ny teknologi
Bruk av laser er ein heilt ny metode for avlusing. Det er Stingray Marine Solutions AS har patent på teknologien og innstallert systemet for optisk avlusing på lokaliteten til Sulefisk. Sulefisk har omlag 400.000 fisk fordelt på to merdar, og det er installert to laserar i kvar merd. Laserane blir fjernstyrt frå Oslo, og kvar dag blir det sendt like mykje videodata frå Solund til Oslo, som Tv2 sine daglege TV-sendingar.
Først i heile verda
– Vi har vore i utvikling av laseren sidan 2010, og det første vi fekk avklart var at det ikkje hadde noko bivirkning på fisken. Laseren treff verken auga til fisken eller påverkar fiskehelsa negativt på noko anna måte. Den absorberer best av lusa, seier dagleg leiar i Stingray Marine Solutions, John Arne Breivik.
Stingray er svært fornøgde med samarbeidet med Sulefisk AS. Oppdrettsanlegget i Solund er nemleg det første anlegget i verda som tek i bruk laser på heile lokaliteten sin.
– Det viser oss at Sulefisk AS er framoverlent og satsar på teknologien. Prisen på laserane er konkurransedyktige med prisen på andre metodar og kjemikalar som andre anlegg brukar til avlusing per dags dato. I tillegg ser vi at fisken stressar mindre, når den slepp dei store aksjonane med pumper, kjemikaliebad og sveltefôring. Vi er framleis i startfasen av teknologien, men det er kjekt å sjå at vi allereie no får positive tilbakemeldingar, seier Breivik.