Gå til sidens hovedinnhold

Lars Gunnar Lie fyller 70 år

Artikkelen er over 12 år gammel

Torsdag fyller mangeårig stortingsrepresentant for KrF og tidlegare statsråd Lars Gunnar Lie 70 år.

Lars Gunnar Lie blei fødd i Fjell i Hordaland, men gjorde sunnfjording av seg som vaksen, og budde mange år i Førde. Her arbeidde han som lektor i realfag i vidaregåande skule, og engasjerte seg i lokalpolitikk. Han sat i kommunestyret i Førde frå 1975, og var ordførar i kommunen i to år, fram til 1983. I 1985 vart han vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane fylke. Då Syse-regjeringa vart utnemnd etter valet i 1989, var Lie ein av dei som kom ut på Slottsplassen saman med den nye statsministeren. Han var samferdsleminister i regjeringa fram til regjeringa Syse gjekk av i 1990.

Med sine fire periodar på Stortinget var Lie innom fleire komitear, han tok til i kyrkje- og undervisningskomiteen, seinare var han innom både finanskomiteen og næringskomiteen før han i 1997 var leiar for finanskomiteen.