Gå til sidens hovedinnhold

Lanserer sin eigen vin

Artikkelen er over 10 år gammel

- Vi ville ikkje ha cognac, slik som alle andre har.

Solund næringsutvikling står bak ein eigen Solundvin, i samarbeid med Solund eiendom og kunstnaren Magne Hamre, som er busett i Solund.

Dei har valt ut to raudvinar, frå ein fransk og ein italiensk produsent, og Magne Hamre har laga etikettar til vinane.

Byggje totaloppleving
- Vinen skal brukast på serveringsstader i Solund, og vil også bli selt gjennom Vinmonopolet, seier Tom Erling Bahus i Solund næringsutvikling.

Dei har ikkje nasjonal lansering av vinen i tankane, og har som prøveprosjekt bestilt inn 500-600 flasker.

- Det handlar om å bruke den i samband med ei totaloppleving i Solund. Til våren kan det hende vi også lanserer ein kvitvin, seier Bahus.

Meir anvendeleg
Etiketten som Hamre har laga til vinen tek utgangspunkt i eit grafisk blad med motiv frå Utvær.

Bakgrunnen for vinlanseringa var at nokon sa at Solund kanskje trengde ein eigen vin til serveringsstader.

- Vi kunne også ha laga ein cognac, men det gjer jo alle andre. Vi ville heller ha noko som er meir anvendeleg, seier Bahus.