Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

DEPONI I REDALEN: Slik vil Redalen bli sjåande ut med ei demning som blir 100 meter høg og 750 meter brei og fylt opp med 140 millionar kubikkmeter avgangsmasse frå gruva i Engebøfjellet.

DEPONI I REDALEN: Slik vil Redalen bli sjåande ut med ei demning som blir 100 meter høg og 750 meter brei og fylt opp med 140 millionar kubikkmeter avgangsmasse frå gruva i Engebøfjellet. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring.

DEL

Det viser ei utgreiing frå Nordic Mining som no har vurdert tre mogelege alternativ til sjødeponi, nemleg Redalen, Redalsvika og Vassetevatnet.

Redalsvika kan berre romme 40 millionar kubikkmeter avgangsmasse og må supplerast med andre lokalitetar, mens dei to andre kan ta heile avgangsmassen på 140 millionar kubikkmeter, går det fram av rapporten.

Alt. 1 Redalen

Eit deponi i Redalen vil leggje beslag på fleire aktive gardsbruk, vassforsyning, fleire mogelege kulturminne og riksveg som må flyttast. Demninga vil bli svært synleg i terrenget, går det fram av Nordic Mining si vurdering.

Deponiet vil dekkje Liavatnet, Dalavatnet og delvis Redalsvassdraget. Vekstvilkåra for utryddingstruga artar som elvemusling og ål, samt laks og aure, vil bli sterkt påverka.

Berre 300 meter av nedre del av vassdraget vil stå att, og vil sannsynlegvis også bli påverka av partiklar frå deponiet. Risikoen ved eit eventuelt dambrot inneber fråflytting i dammens umiddelbare nærleik, går det fram av rapporten.

Alt. 2 Redalsvika

Alternativet i sjølve Redalsvika inneber få konsekvensar for infrastruktur og folkesetnad, bortsett frå at båtliv og anna aktivitet i strandsona mister verdien sin, meiner Niva. Livet i Redalsvika inkludert torskeyngling og truleg sildeyngling, samt aure, laks og ål som vandrar gjennom vika til Redalselva, vil bli borte eller veldig sterkt berørt. Eit dambrot vil påverke Førdefjorden.

Demninga vil bli nokre meter høgare enn sjøoverflata og deponiet vil bli fylt opp til dagens nivå.

Alt. 3 Vassetevatnet

I Vassetevatnet trengst ikkje demning, og etter avslutta deponering vil det framleis vere 15 meter att til dagens vassoverflate.

Deponiet vil fjerne alt livsgrunnlag i Vassetevatnet i overskodeleg framtid og medføre ei oppdeling av Osenvassdraget som fører både laks, aure og ål i 22 km, og gje stor partikkeltransport. Deponiet vil ha betydeleg negativ effekt for heile vassdraget, meiner Nordic Mining.

Kostnader

Mens Nordic Mining reknar installasjonskostnadene ved eit sjødeponi til 50 millionar, blir prislappen langt høgare ved landdeponi.

Ein damkonstruksjon i Redalen vil vere den største som nokon gong er bygd i Norge. Totalt blir kostnaden nesten 2,9 milliardar kroner.

Redalsvika har ein prislapp på 360 millionar, mens Vassetevatnet vil koste 765 millionar å ta i bruk. Dette alternativet vil også auke driftskostnadene med 10 millionar kroner årleg.

Oppsummert dreg Nordic Mining følgjande konklusjon:

– Sjødeponi representerer den beste løysinga for lagring av overskotsmineralane frå Engebø, både med omsyn til miljø, biologisk mangfald, samfunn og kraftforbruk.

  • Kva meiner du?
    Er er ein best tent med landdeponi eller sjødeponi? Eller bør ein skrinlegge heile prosjektet?
    Sei meininga di i kommentarfeltet under saka.

Artikkeltags