"La fjorden leve!"

Rundt 200 personar var samla utanfor kunstmuseet i Førde laurdag. Både for å glede seg over det Miljøvernministeren sitt mellombelse nei til gruvedrift i Naustdal, og for å halde trykket oppe i kampen mot gruveplanane.

Rundt 200 personar var samla utanfor kunstmuseet i Førde laurdag. Både for å glede seg over det Miljøvernministeren sitt mellombelse nei til gruvedrift i Naustdal, og for å halde trykket oppe i kampen mot gruveplanane. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fjordaksjonistar laga eit folkehav utanfor kunstmuseet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Kring 200 personar hadde møtt opp til torgmøte utanfor Kunstmuseet i Førde, etter Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane sitt årsmøte på laurdag.

"La fjorden leve!" var tematikken, då Vevring og Førdefjorden miljøgruppe, Natur og Ungdom, Miljøagentene og Naturvernforbundet markerte sitt framhald i den sterke motstanden, sjølv om Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell (SV) nyleg gav eit førebels nei til gruvedrift og fjorddeponi. Og slagordet vart markert like høgt no, både gjennom appellar og song.

Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, byrja sin appell med å gratulere den engasjerte tilskodarmassen med den førebelse sigeren i kampen om å bevare Førdefjorden.

– No har vi fått i alle fall eitt års utsetjing. Vi har fått ein sjanse til å kjempe vidare, og den skal vi ta godt vare på, sa Haltbrekken.

Og naturvernleiaren fortel at sjølv om liknande kampar mot gruvedrift kjempast elles i Norge, så er gløden for å bevare Førdefjorden spesiell her i nærområdet.

– Eg trur det sterkaste engasjementet mot gruvedrift ser ein her, seier Haltbrekken, som trur og håpar at dette engasjementet spreier seg elles i landet.

Fylkesleiar i Naturvernforbundet, Thorleif Jakobsen, er strålande nøgd med oppmøtet og engasjementet som vart vist.

– Det betyr mykje for saka vår at 200 menneske er her i dag. Det fortel i grunnen det meste, seier han og gler seg over engasjementet som lokal

– Det engasjementet er ikkje noko i kimse av. Og dette bør politikarane ta inn over seg, seier Jakobsen.

Artikkeltags