Kystvegen mellom Måløy og Florø rykker fram i køen bak ferdiggjeringa av Fv609 Olden–Innvik, når dei fylkeskommunale samferdslepolitikarane i dag legg på plass hovudtrekka for vegsatsinga i Sogn og Fjordane fram til 2023.

Dette er klart, etter at dei raudgrøne fleirtalspartia i fylkestinget før dagens møte bestemte seg for å prioritere opp delparsellen Svelgen–Indrehus (bompengefinansiert) av Kystvegprosjektet, medan Høgre, Frp og Venstre vil flytte Kystvegen – den såkalla 45-minuttregionen – øvst på si marginalliste.

I posisjon

Det betyr at Kystvegen er i ferd med å kome i posisjon, føre både opprustinga og Svesundbrua på Fv57 mellom Dale og Storhaug (bompengefinansiert), Fv 60 Hornindal–Møre grense, og deretter del II av Kystvegprosjektet: bompengefinansiert bruløysing over Nordfjord mellom Rugsund og Vemmelsvik. Vidare følgjer, i det raudgrøne fleirtalsframlegget, Fv 5 Tronvika – Ulvåna, Fv 55 Høyheimsvik – Nes, Fv 303 Seimsdalstunnelen, ny tunnel, Fv 615 Sandane – Storebru, Fv 609 Stongfjorden – Askvoll og Fv 662 Nordfjordeid – Torheim.

Sjølvfinansierande?

Det raudgrøne fleirtalet tek no brua over Ytre Steinsund i Solund og realiseringa av Atløysambandet heilt ut av den ordinære prioriteringslista for store prosjekt, og vil gi desse prosjekta ei eiga vurdering. Folk i Askvoll har lenge meint at Atløysambvandet meir eller mindre bør kunne realiserast for ferjeavløysingsmidlar åleine, dersom fylkeskommunen vil rekne like offensivt som det blir gjort i Møre og Romsdal.

Leiaren i det fylkeskommunale samferdsleutvalet, Arnstein Menes (Sp) vil ikkje sløkkje håpet for atløyfolket:

– Vi skal sjå på reknemåtane på nytt. Viser det seg at samband er sjølvfinansierande, bygger vi, seier Arnstein Menes.

Harde tak

Både Fv 60 Hornindal–Møre grense, Rv57, Ytre Steinsund og Atløysambandet var prioriterte føre 45-minuttregionen, i Handlingsprogrammet for fylkesvegane som fylkestinget vedtok i 2009 for perioden 2010–13 (19).

– Opprioriteringa av 45-minuttregionen har samband med at dette prosjektet kan bompengefinansierast, samstundes som det har vore signalisert frå alle parti at dette er eit viktig prosjekt. Men det har vore tøffe diskusjonar, seier leiaren i det fylkeskommunale samferdsleutvalet, Arnstein Menes (Sp) til Firda.

Olden–Innvik

I arbeidet med den nye regionale transportplanen fylkestinget skal vedta i desember, verkar det å vere tverrpolitisk semje om at fullføringa av opprustinga på Fv609 mellom Olden og Innvik i Nordfjord skal ha første prioritet. I førre månad signaliserte fylkespolitikarane vilje til å gjere dei låneopptak som er nødvendige, for å halde oppe framdrifta i opprustinga av Fv609.

Lovnad til Førdepakken

Olden–Innvik er det einaste store vegprosjektet som ligg an til fullføring i den første fireårsperioden. Dei andre vil i utgangspunktet tidlegast stå for tur etter 2018. Då skal også Førdepakken få 150 mill kroner frå fylkeskommunen. Lovnaden om dette blir gitt seinare i dag.

Rassikring

Blant rassikringsprosjekta vil det raudgrøne fleirtalet plassere utbetring av det farlege punktet ved Heilevang på Fv609 Askvoll–Førde på 7. plass på følgjande liste:

Fv 337 Bjødnabakken/Lindeskreda, Fv 55 Renninganeset, Fv722 Flovegen, Fv 664 Navelsakerstranda, Fv 53 Jåteli, Fv 55 Kjenes – Bru over Esefjorden, Fv 609 Heilevang, Fv 92 Arnafjord og Fv616 Davikstranda.