Kvivsvegen er opna

MERKEDAG: Opninga av Kvivsvegen gjekk føre seg midt inne i tunnelen, på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

MERKEDAG: Opninga av Kvivsvegen gjekk føre seg midt inne i tunnelen, på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Statsråd Navarsete (Sp): – Dette sambandet betyr vekst og utvikling.

DEL

Med Nordfjord og Sunnmøre bada i sol, flagga til topps og eit folkemylder av feirande menneske, vart Kvivsvegen i dag opna med snorkutting midt inne i tunnelen, på fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Glad statsråd

– Fantastisk kjekt, seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp), som kutta snora og slik markerte realiseringa av vegsambandet som har vore omtala i offentlege planar heilt sidan 1919.

Sjølv har ho vore med på ei rekkje vedtak som har bore prosjektet framover, både medan ho var fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane, og ikkje minst då ho som samferdsleminister i 2008 foreslo statleg fullfinansiering av Kvivsvegen.

– Eg trur denne vegen vil gi auka vekst og utvikling i ein allereie produktiv region, seier Navarsete til Firda.

Nytte potensialet

– No må Nordfjord og Søre Sunnmøre nytte potensialet denne vegen gir, også som aust-vest samband. Med trafikken over Kviven, trur eg presset for betre strynefjellsveg vil auke, seier statsråden.

Det 17 km lange sambandet med den 6,5 Kvivsvegtunnelen knyter saman Hornindal og Volda, med ei reisetid frå Stryn sentrum til Volda sentrum på berre 45 minutt.

Artikkeltags