Tunge næringsinteresser i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre vil no gjere felles innsats for å arbeide fram Kystvegen Ålesund–Bergen, som her i fylket ikkje minst kjem til å binde saman kyst-tyngdepunkta Florø og Måløy.
Signalet om kystveg-offensiven kjem frå dei maritime foreiningane på kvar side av fylkesgrensa: Maritim Foreining Sogn og Fjordane og Maritim Foreining Søre Sunnmøre (Mafoss). Foreiningane har vore medarrangør for Treffpunkt Kviven, ein konferanse som har blitt arrangert årleg sidan 2008.
Vidareføre samarbeidet
– Når Kvivsvegen no er ein realitet, er det på tide for oss å vidareføre samarbeidet for å få realisert andre viktige vegprosjekt for regionen, seier dagleg leiar i Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Stein Kvalsund, i ei pressemelding.
Den maritime foreininga her i fylket har 43 medlemsbedrifter som til saman representerer 5000 arbeidsplassar.
Foreiningane ønskjer no å samarbeide med Kystvegen Ålesund–Bergen om å arrangere ny kystvegkonferanse, og signaliserte dette under ein samferdslekonferanse som vart halden i Loen i dag.
Stort løft
– For Kystvegen vil det vere eit stort løft å få inn samarbeidspartnarar som dei maritime foreiningane, meiner styreleiar Bengt Solheim-Olsen i Kystvegen.
– Vi vil i større grad få synleggjort behovet for kommunikasjonar nord-sør langs kysten i alle dei tre vestlandsfylka som Kystvegen går gjennom, seier han.
Det blir no sett ned ei gruppe som skal arbeide fram innhaldet i ein ny konferanse i 2013, og ein vil også trekkje andre aktuelle samarbeidsaktørar inn i arbeidet.
Kystvegkonferansen det var planar om å halde i år, er utsett til 2013, heiter det i pressemeldinga.