Kvinner i mellomleiarstillingar i Sogn og Fjordane får berre 82 prosent av lønna til sine mannlege kollegaer. Målt etter likelønn er «trivselsfylket» dårlegast i heile Norge. Det skriv Pressenytt i ei pressemelding.

Ifølgje undersøkinga Norsk Ledelsesbarometer 2014, tente ein kvinneleg mellomleiar i Sogn og Fjordane i snitt 511 000 kroner i fjor, noko som svarar til 82 prosent av snittlønna til ein mannleg mellomleiar i fylket. Kvinnene i Møre og Romsdal får til samanlikning 82,4 prosent av «mannelønna», medan i Hordaland ligg kvinnelege mellomleiarar på 87,8 prosent av løna til sine mannlege kollegaer. Landssnittet er 87,3 prosent.

Menn flinkare til å prate for seg

– Det er framleis ein veg å gå. Det blir stadig vanlegare med individuell lønnssetjing. Menn er ofte flinkare til å prate seg opp og understreke kor uunnverlege dei er for bedrifta, medan ein del kvinner ofte er meir tilbakehaldne. Dette er noko arbeidsgivarar bør vere bevisste på under lønsforhandlingane, seier Jan Olav Brekke, forbundsleiar i Lederne.

Menn løner menn

Nesten 3000 leiande og fortrudde tilsette deltok i undersøkinga, som blei gjennomført på oppdrag for Lederne. På landsbasis viser den at ein gjennomsnittleg kvinneleg mellomleiar utanfor oljesektoren i dag tener 518.000 kroner. I snitt tener mannlege mellomleiarar 76.000 kroner meir per år.

Rådgivar Stein Stugu ved kunnskapssenteret De Facto understrekar at marknadslønn og individuelle ordningar favoriserer menn.

– Framleis er mange toppleiarar menn, og det er nok mange som bevisst eller ubevisst løner dei som liknar på seg sjølv. Dessutan er mange menn rett og slett betre seljarar av eigne føremon i ein forhandlingssituasjon, påpeiker han.