Kvinne omkom i Breim

Artikkelen er over 10 år gammel

Sklei ned skråning og hamna ut i Årdalselva

DEL

Ei kvinne i midten av 50-åra omkom i ei tragisk ulykke torsdag ettermiddag i Årdal i Breim.

Sklei ned skråning

Kvinna blei funnen i Årdalselva.

– Ho har truleg sklidd ned ei skråning og ramla ut i elva, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Skråninga på staden er omlag fem meter lang. I fallet slo kvinna seg på nokre steinar nede ved elvekanten.

Prøvde gjenoppliving

Ho blei funnen i elva nokre meter nedanfor skråninga der ho datt utfor.

Det var ein pårørande på leit etter kvinna som fant ho. Det blei raskt sett i gong med livredning. Luftambulanse og helsepersonell kom til staden og prøvde å gjenopplive kvinna, men dei lukkast ikkje.

Pårørande blei tatt hand om av helsepersonell etter hendinga.

- Tragisk ulykke

Kvinna blei funnen liggjande i elva med hovudskadar etter fallet.

- Om det er skader etter fallet eller drukning som er dødsårsaka, kan vi difor ikkje seie sikkert, seier operasjonsleiar Inge Værøy og legg til at politiet konkluderer med at det heile dreiar seg om ei tragisk ulykke.

Artikkeltags