Grunnlaget for klagen skal vere mannen sine verbale utfall mot kvinna. Han skal ha sagt at han skal syte for at livet hennar blir utriveleg, skriv Fjordenes Tidende.
Kommuneleiinga har sendt skriftleg klage til Helse Førde, med kopi til Fylkeslegen. Dei meiner utsegnene er både sjikanerande og må reknast som direkte trugsmål mot kvinna.
Direktør i Helse Førde Leif Kapstad stadfestar overfor Fjordenes Tidende at han har motteke klagen. Han ønskjer ikkje å kommentere saka, ettersom den vert handsama som ei personalsak.