Kvinne (70) og kvinne (86) skadd etter trafikkulykke

Artikkelen er over 6 år gammel

Ei av dei innlagt med moderate skader.

DEL

Onsdag ettermiddag var tre personar involvert i ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Haus i Nordfjord. Ulykka skjedde mellom Haus og Ståheim, og ifølgje AMK ved Helse Førde ligg ei av dei involverte, ei kvinne på 70 år, torsdag morgon på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus med moderate skadar. Ein anna kvinne på 86 er lettare skadd som følgje av hendinga. Også ho ligg framleis på sjukehuset.

Eitt køyretøy var involvert i ulykka, som skjedde like før klokka 17.

Tilstanden til den tredje personen som var involvert i ulykka er framleis ukjend, men vedkommande vart sendt til Nordfjord sjukehus for legesjekk.

Køyrde inn i fjellveggen

Det er Vågsøy lensmannskontor som etterforskar ulykka.

– Av ein eller anna grunn mista føraren kontroll over bilen og køyrde inn i fjellveggen, før han deretter hamna inn på vegen att. Vi veit enno ikkje kva årsaka til ulykka er, men det skal vi prøve å finne ut av i dag, seier Tormod Hvattum, lensmann i Vågsøy til Firda.

Ikkje mistanke om promille

Hvattum fortel at politiet ikkje mistenker at føraren var påverka av alkohol.

Førebels er ingen av dei involverte avhøyrt av politiet.

Artikkeltags