Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane har den siste tida sett ei auke i bortkomne kjæledyr som dei må ta hand om.
Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen fortel at dei den siste tida har fått inn ni kattar berre i Førde, Gaular og Høyanger.
- Totalt i fylket har vi godt over 20 kattar, seier Astor, som fortel at talet på kjæledyr som kjem bort frå eigarane sine plar å halde seg jamt, men at det i den siste tida har eskalert meir enn vanleg.
Og det er kattar som oftast blir bortkomne, og felles for mange av dei er at dei ikkje er merka. Alle av kattane Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane har inne no, er utan ID-chip for å spore opp eigaren.
Saknar merking
Det ser Dyrebeskyttelsen som eit stort problem.
- Det er frustrerande å ikkje vite kven som eig desse kattane. Mange av dei er redde etter å ha vore lenge ute, seier Astor.
- Er katten ID-merka, finn vi rett eigar med ein gang. Men utan merking veit vi sjeldan kven som eig katten, legg ho til, og fortel at Dyrebeskyttelsen tek vare på så mange dyr dei klarer.
Men å ta hand om alle er utfordrande for ei lita gruppe frivillige, med avgrensa økonomi.
2012 var elles også eit rekordår i Norge for bortkomne kjæledyr, noko som ikkje betrar situasjonen.
- Det er ein enorm pågang, sjølv i vesle Sogn og Fjordane, seier Astor, som primært oppfordrar eigarar til å vere flinke med å kastrere og ID-merke kattane sine, for å avgrense talet på bortkomne dyr.
Dei fleste har heimar
Det dei ønskjer aller mest er å gjenforeine eigar og kjæledyr, før kjæledyret eventuelt blir omplassert. Og for Dyrebeskyttelsen er det tydeleg at mange av dei bortkomne kattane har ein heim.
- Det er oppsiktsvekkjande kor mange av kattane vi har inne no som er tillitsfulle og kjælne, og som det er tydeleg at kjem frå gode heimar. Spørsmålet er kvar denne heimen er, spør Ove Myrmel, styreleiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.
No oppfordrar dei folk til å ta kontakt med Dyrebeskyttelsen dersom ein dreg kjensel på nokre av kattane som er avbilda.