Kven la att denne midt i sentrum?

Denne vesle katteungen vart funnen utanfor Sande Kro i Sande sentrum.

Denne vesle katteungen vart funnen utanfor Sande Kro i Sande sentrum. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Astrid Orvedal, dottera og mannen var på veg til Førde frå Vadheim, men måtte ein liten tur innom Sande Kro på vegen.

- Der stod det ein mann med ein liten kattunge i hendene. Han hadde funne den ved inngangen til kroa og var fortvila fordi han var på jobb og visste ikkje kva han skulle gjere med kattungen. Han hadde katt sjølv heime og ville ikkje sleppe den laus, seier Orvedal.

Tok han om katten

Orvedal er tilfeldigvis god ven med leiaren i Dyrebeskytelsen Norge, Sogn og Fjordane, Bettina Astor. Så ho tok hand om katten inntil vidare.

- Den hadde nok ikkje overlevd natta om ikkje denne mannen hadde funne den. Om det er nokon som har mista den, blir dei kjempeglade for å få den att. Eg håpar det er det som har skjedd. Dottera mi ville jo sjølvsagt behalde den, men vi har to kattar frå før, så det blir litt mykje, seier ho.

No har ho gitt kattungen vidare til Dyrebeskyttelsen.

Har truleg ein eigar

Leiar i Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane, Bettina Astor, lurer litt på kvifor det låg ein kattunge midt i sentrum av Sande.

– Det kan vere kattemor som har flytta den og av ein eller anna grunn måtte sette den att, men katteungen ber ikkje preg av å bli fødd ute. Både lynne, pels og tilstanden til katten vitnar om at den er fødd inne. Då er det naturleg å tenke at den har ein eigar. Elles kan det nemnast at det er straffbart å overlate dyr i hjelpelaus tilstand, seier ho.

Treng omsorg frå ei kattemor

Utan mor må kattungen matast med flaske fleire gonger for dagen. Dette er den avhengig av fram til den er om lag 12 veker gammal. Den skal vere om lag fire veker gammal, 329 gram og utan sjanse til å klare seg på eiga hand.

– Vi veit ikkje enno kva som har skjedd, men ønskjer kontakt med eigaren. Om vi ikkje får tak i denne personen, er vi særs interessert i å få tak i ei kattemor som diar og har kull i denne alderen. Det er ein moglegheit for at den vil ta til seg også denne katteungen, og det er nettopp dette den treng – omsorg frå ei kattemor, fortel Astor.

Om dette er din katt kan du ta kontakt med Dyrebeskyttelsen ved Bettina Astor på telefon 412 44 002

Du kan også ta kontakt om du har ei kattemor som diar eller vil hjelpe Dyrebeskyttelsen på ein anna måte.

Artikkeltags