– Kven har skrudd ned skiltet?

KVEN HAR SKRUDD NED SKILTET? Kiropraktor André Didriksen forstår ikkje kven som har skrudd ned skiltet frå veggen i Hafstadgården. Han veit heller ikkje kvifor.

KVEN HAR SKRUDD NED SKILTET? Kiropraktor André Didriksen forstår ikkje kven som har skrudd ned skiltet frå veggen i Hafstadgården. Han veit heller ikkje kvifor. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Kiropraktor André Didriksen meiner skiltet er skrudd ned frå veggen.

DEL

Skiltet har i eit og eit halvt år stått på veggen utanfor Didriksen sitt kontor i andre etasje i Hafstadgården 23. Torsdag eller fredag var skiltet vekke.

– Det første som slo meg var at det var kommunen som hadde vore på ferde. Eg har ikkje søkt om løyve til å setje opp skiltet, og rekna med det var årsaka, seier Didriksen.

Firda.no tok kontakt med Bernhard Øberg i Førde kommune.

Ukjent for kommunen

– Vi har ikkje skrudd ned noko skilt. Dette kjenner vi ikkje til i det heile teke. Dersom vi oppdagar ulovlege skilt som vi reagerer på tek vi dette opp med eigaren av skiltet, og varslar skriftleg om dette, seier Øberg.

Han legg til at for kommunen sin del må Didriksen berre setje opp igjen skiltet på veggen i Hafstadgården 23.

Forstår ikkje kvifor

– Dersom kommunen ikkje har skrudd ned skiltet forstår eg ikkje kven som kan ha vore på ferde. Skruane ligg saman med skiltet på overbygget over inngangen. Dei som har gjort dette må ha vore oppe på taket her, og eg forstår ikkje kvifor nokon har gjort dette, og heller ikkje kven som kan ha gjort det, seier Didriksen.

Artikkeltags