Kven er mest sexy?

Desse fire er nominerte til kåringa "Noregs mest sexy nynorskbrukar".

Desse fire er nominerte til kåringa "Noregs mest sexy nynorskbrukar". Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kårar Noregs mest sexy nynorskbrukar.

DEL

I Språkåret 2013 har målungdomen valt seg ein noko utradisjonell måte å skape blest om nynorsken. Dei skal kåre Noregs mest sexy nynorskbrukar.

Kva er sexy?

Kvalitetane som kvalifiserer kan vere ulike; då synet på kva som er sexy varierer mellom kvar einskild.

Det er fritt fram for ein kvar å sende inn forslag på heimesida deira. Sidan oppstarten i går, har dei fått inn over 70 forslag.

Kven som går av med sigeren vert kåra av Norsk målungdom sitt blad; Motmæle. Kåringa finn stad i mai/juni, og fram til dette er det opp til publikum å fremje sine nynorske favorittar.

Favorittar

Landsstyret til målungdomen sette startskotet for konkurransen, og nominerte ikkje mindre enn seks kandidatar frå Sogn og Fjordane: Eli Kari Gjengedal, Oddvar Torsheim, Yngvar Andersen, Azar Karadas, Sveinung Rotevatn og Ragnhild Sæthun.

Så får vi vente og sjå kva som vert rekna som mest sexy; muskuløse overarmar, klingrande røyst, blonde verdamer eller venstrevridde politikarar.

Artikkeltags