Kuttar lånerenta atter ein gong

Lågare bustadrente betyr tusenvis av kroner spart for forbrukarane

Lågare bustadrente betyr tusenvis av kroner spart for forbrukarane Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Aldri før har bustadrenta vore så låg så lenge. No vert den endå lågare.

DEL

Først ute var Skandiabanken med DNB og Nordea hakk i hel. To dagar etter er Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest ute med sine kunngjeringar: Renta går ned.

Det er først og fremst kundar med bustadlån som får merke endringa. Sparebanken Sogn og Fjordane set ned renta på bustadlån med opp til 0,20 prosentpoeng, og Sparebanken Vest med opp til 0,30 prosentpoeng. Dermed kan begge bankar tilby unge bustadkjøparar ei nominell rente på 3,30 prosent.

Les også: Rekordår for Sparebanken Sogn og Fjordane

Endringa trer i kraft for nye lån frå tidleg oktober, og for eksisterande lån i løpet av desember. Det vil også komme endringar i innskotsrenta.

Skarp konkuranse

Historisk låge rentenivå i Europa etter finanskrisa gjer det billegare for bankane å låne inn pengar.

Det fører også til at det i praksis vert umogleg for Norges bank å setje renta høgt i Norge, av frykt for valutahandel som kan påverke kronekursen og slå negativt ut på eksportnæringar. Dermed er styringsrenta sett til 1,5 prosent, og der er det forventa at den vert verande ut 2015. Det legg press på bankane.

Den viktigaste årsaka til at bankane set ned renta er likevel at alle andre gjer det.

– Priskonkurransen på bustadlån er tøff og vi skal vere konkurransedyktige, seier Hallvard Klakegg, direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Våre kundar skal oppleve oss som konkurransedyktige, og ved at vi no reduserer renta ytterlegare i takt med andre bankar i landet, sikrar vi at vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest.

Trur ikkje på bustadboble

Forbrukarane kan gle seg over sparte tusenlappar, men ikkje alle ser lyst på situasjonen av den grunn.

Professor Ola Honningdal Grytten ved Norges Handelshøgskule (NHH) meiner at låge renter vil føre til at bustadprisane held fram med å stige, noko som er negativt for marknaden på lang sikt, skriv e24.no

– Jo større vekst vi får i boligprisene, desto meir truleg er det at vi ikkje vil få ei mjuk landing igjen seinare, seier han til nettavisa.

Verken Breivik i SPV eller Klakegg i SSF deler denne bekymringa, i alle fall ikkje på kort sikt.

– Eg ser ingen indikasjonar på ei boble som dei vi har sett i andre land. Då måtte dramatiske ting skje i den norske økonomien, seier Breivik.

– Det eg vil råde folk til å tenkje på er å få kontroll på gjeldsbyrda si. Det er lurt å betale ned på store lån medan renta er låg, for sjølv om finansmarknaden forventar låge renter framover, er det ingen garantiar, seier Klakegg.

Artikkeltags