Kunstkjennar sjokkert over kopipåstand

Øystein Loge er sjokkert over at bildet han trudde var eit ekte Astrup.måleri, er hevda å vere laga av Astrup sitt barnebarn.

Øystein Loge er sjokkert over at bildet han trudde var eit ekte Astrup.måleri, er hevda å vere laga av Astrup sitt barnebarn. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

- Eg er ganske forskrekka.

DEL

Bildet som vart funne i dødsbuet til Olav J. og Anna Østenstad, er måla av barnebarnet til Nikolai Astrup.

– Det bildet er det eg som har laga, stadfestar Nikolai Astrup Geelmuyden til Firda etter at det vart kjend i Firda Tidend at bildet er ein kopi.

– Dette var ei av mine ungdomssynder, seier Geelmuyden, og legg til at han var så ung at han berre målte utan å tenke på å signere verket.

For bildet som manglar signatur har laga mykje oppstyr, både for kjøpar Even Kongsvik, bustyraren, advokat Odd Bovim og for arvingane av dødsbuet etter at Astrupkjennaren Øystein Loge langt på veg stadfesta at bildet var ekte, og truleg verd mange millionar. Også ein kunstekspert frå auksjonsfirmaet Blomqvist gjekk god for ektheita av bildet.

Les også: Kjøpte dødsbu - fann måleri verdt millionar

Les også: Barnebarn står fram som mannen bak kunstverket

Såg etter postkort

Astrup Geelmuyden fortel at han laga bildet som 16-17-åring rundt år 1947, som betaling for materialar som Olav Østenstad skaffa til reparasjonen av kjøkkenet til foreldra hans, Kari Astrup og Knut Jarle Geelmuyden.

–Eg hadde berre eit lite postkort av måleriet å sjå etter, minnast Geelmuyden, og legg til at han i ungdomstida målte fleire slike bilde utan signatur i ungdomstida. Han synest at det er rart at nokon i det heile har trudd at bildet var ekte.

–Då ville dette vore kjend i eit oppslag i avisa for 60–70 år sidan. Anna Østenstad har jo også sagt til Silja Juklestad at bildet er laga av meg, seier Geelmuyden, og viser til opptaka Juklestad gjorde av Anna Østenstad i samband med Oddleiv Apneseth sitt fotoprosjekt «Jølster 2008».

Overraska kunstkjennar

– Vel viste eg at Geelmuyden var ein ganske flink målar, men eg visste ikkje at han var så flink. Det er kjedeleg at det ikkje står hans namn på det. Og når det no framstår som ein kopi, gjer det at eg vert tatt med buksene nede. For eg har jo meint at det var så mykje Astrupsk i bildet at det knapt kunne vere nokon andre om har målt det, seier Astrup-kjennaren Øystein Loge.

– Men om Geelmuyden seier at han har målt det, må eg nesten tru på han det. Eg er ganske forskrekka. Men det forklarer at bildet verkar friskt, og mangelen på smuss og skit frå årtiene, seier Loge.

Advokat Odd Bovim og kjøpar Even Kongsvik er overraska over den nye vendinga saka har tatt.

– Dette er nytt for meg, seier Bovim, som ikkje vil kommentere saka utover dette.

– Han signerer bilda sine NAG, seier Even Kongsvik, som stiller seg undrande til at Nikolai Astrup Geelmuyden seier at han har målt bildet.

– Eg trur ikkje at det er mogleg at bildet er ein kopi. No skal eg ta bildet vidare til Nasjonalgalleriet, seier Even Kongsvik.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken