Kundar møtte stengde dører – restauranten er konkurs

Denne beskjeden heng på døra til Bohemen Restaurant.

Denne beskjeden heng på døra til Bohemen Restaurant. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Måndag kveld møtte kundar stengde dører hos Bohemen Restaurant i Førde sentrum. På døra hang denne beskjeden:

«Det er med tungt hjarte at vi må avslutte drifta av Bohemen Restaurant. Det er fleire grunnar til dette. Men vi er oss no i den situasjonen at vi ikkje har meir å gje.»

– Ikkje nok kundar

Eigar, Ann Therese Milde, stadfestar konkursen.

– Vi har bestemt oss for å gje oss. Det er ikkje nok kundar til å fortsette. Det er ein av mange grunnar, seier Milde.

På restaurantdøra takkar dei for to flotte år på Bohemen.

– Det er ikkje offisielt før i morgon. Då skal eg slå oss konkurs. Det er ein tung dag, så eg vil ikkje seie noko meir, seier Milde til Firda måndag kveld.

Resultatet gjekk ned

Bohemen Restaurant starta i august 2012. Ifølgje Ravninfo hadde restauranten 962 000 kroner i inntekter første året.

I 2013 var inntektene langt større med 2 614 000 kroner, men driftsresultatet gjekk frå -24 000 kroner i 2012 til -41 000 kroner i 2013.

I 2012 hadde Bohemen eit resultat før skatt på -38 000 kroner, og i 2013 auka underskotet til -70 000 kroner.

Artikkeltags