Gå til sidens hovedinnhold

– Kryssar fingrar for at alle kjem friske heim

Artikkelen er over 12 år gammel

Synnøve S. Bjørset tek alle forholdsreglar i Mexico City.

– Vi har det bra, og alle er friske. Eg er ikkje redd, men tek alle forholdsreglar. Vi har ikkje portforbod, men blir oppmoda om å halde oss unna stader med store folkemengder, fortel Bjørset per e-post frå Mexico City.

Det bur over 22 millionar menneske i byen.

– Vi har halde oss mest på hotellet, og så tek vi forholdsreglar. Hyppig handvask og god hygiene, samt at vi brukar munnbind. Og vi unngår fysisk kontakt med andre. Så kryssar vi fingrane for at alle kan returnere like friske som då vi kom hit, seier Bjørset.

Rakk å spele

Ho spelar fele og Bratsj i Majorstuen. Saman med Andreas Ljones, Tove P. Dalbakk, Ragnhild Furebotten, Jorun Marie Kvernberg og Gjermund Larsen har ho sete innestengd på hotellet sitt sidan laurdag.

Folkemusikkgruppa Majorstuen er i Mexico City for å delta på ein større festival, men den vart laurdag sett ut av spel grunna den pågåande influensaepidemien som har ramma landet.

Alle konsertar er avlyste, og gruppa vart beordra på hotellet for å ikkje risikere å bli smitta.

– Vi er ei av få grupper som i det heile fekk spele konsert denne veka. Dei fleste andre artistane er samla på same hotell som oss. Alle andre offentlege arrangement er også avlyste, men butikkar er framleis opne, fortel Bjørset.

Ho legg til at 95 prosent av alle dei ser, brukar munnbind, også dei som jobbar på hotellet.

– Stemninga er langt rolegare no enn då første meldingane kom, seier ho.

81 er døde

Ho håpar å vere heime i Sunnfjord tysdag kveld.

– Etter planen dreg vi frå Mexico i morgon, så Paris-Oslo-Førde. Om det ikkje blir innført restriksjonar i Paris eller Oslo, håpar eg å lande på Bringeland tysdag kveld, seier Bjørset.

Verdas helseorganisasjon (WHO) fryktar at influensaen kan bli ein verdsomspennande influensaepidemi, og oppfordrar myndigheitene i alle land til å auke overvakinga.

Ifølgje helseminister José Ángel Córdova trur ein at 103 personar har døydd som følgje av svineinfluensaen. Per søndag kveld vart det meldt om at 1600 personar skal vere smitta. Myndigheitene i Mexico ber innbyggjarane om å halde ein avstand på to meter av frykt for at svineinfluensaen skal spreie seg ytterlegare.

Sit heime og ventar

Heime i Jølster sit foreldra og ventar på at dottera skal komme heim. All kommunikasjon har gått føre seg per sms.

– Ho tek situasjonen med fatning, men det skal bli godt å få ho heim. Om dei må i karantene før dei får komme inn til landet, veit dei ikkje, seier Sæmund Bjørset.

Det blir sagt at ein eventuell karantene skal vare i tre dagar, og at symptoma på svineinfluensa er om lag som dei ein får ved vanleg influensa.

– Vi ser fram til å få ho vel heim, karantene eller ikkje. Men vi trur jo at dette går bra. Dei har teke alle forholdsreglar, og då kan ein ikkje gjere så mykje meir, seier Bjørset.