Per Garen ved Videseter Hotel i Stryn har sett seg lei av at turistar brukar toalettet ved hotellet hans.

– Eg er dritlei av å halde gratis toalett og parkeringsplass til turistar som ikkje legg igjen fem øre på hotellet. Dei som ikkje vil betale 500 kroner per bussgruppe, får berre komme seg vekk, seier Garen til Fjordingen.

Titt og ofte kjem det nemleg selskap inn der dei ventar å få gratis parkering og toalett.

– Geiranger &Nordfjord Cruise Handling tener pengar på desse turistane. Det same gjer billaget og guidane At eg skal vere den einaste som ikkje får betalt, er ikkje rett så lenge dei brukar vår private parkeringskaos og toaletta våre, seier hotelldirektøren.

Han meiner Stryn kommune har ein del av skulda og viser til tidlegare år med parkeringsvanskar for turistane.

Geiranger &Nordfjord Cruise Handling og European Cruise Servise nektar å punge ut.