Krafttak for Førdefjorden

Kjempar for fjorden: Nadine Ranke, Anne-Line Thingnes Førsund, Åse Marie Thingnes og Pall H. Hannesson oppmodar alle til å komme til Vevring 1. juni der temaet er «Framtid for fjorden?».

Kjempar for fjorden: Nadine Ranke, Anne-Line Thingnes Førsund, Åse Marie Thingnes og Pall H. Hannesson oppmodar alle til å komme til Vevring 1. juni der temaet er «Framtid for fjorden?». Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fjordaksjonen «Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe» slår 1. juni på stortromma i kampen for å bevare Førdefjorden.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Vi ønskjer å spreie kunnskap om dei uerstattelege verdiane som står på spel dersom det vert mineralutvinning i Engebøfjellet med dagbrot og utslepp av kjemikalieblanda gruveslam til Førdefjorden, seier Anne-Line Thingnes Førsund til Firda.

– Difor inviterer vi alle til Vevring 1. juni til eit fantastisk arrangement som vi kallar «Framtid for fjorden?». Der vert det høve til å smake på sjømatrettar henta frå Førdefjorden, det vert fagseminar, politikardebatt og ulike kunstnarlege innslag og utstillingar.

Kunstnarar og politikarar kjem

Ifølgje Anne-Line Thingnes Førsund deltek kjende artistar som mellom anna Thea Hjelmeland og Oddvar Torsheim. Magne Furuholmen har skrive eit verk for verdas største lydhorn, og verket skal framførast når listetoppar i dei politiske partia i fylket kjem sjøvegen til Vevring.

– Ingen politikar skal kunne la seg velje frå Sogn og Fjordane utan å vite miljøkonsekvensane i denne prinsipielt viktige saka, og utan at veljarane veit kva politikarane står for, seier Førsund.

– Vi er òg veldig glade for at Thea Hjelmeland skal opne «Fjordfiskarens festbord» med sin sjølvskrivne og sjølvkomponerte melodi «My fjord», ei gripande framføring om kva fjorden og folket her er truga av.

Hjelmeland seier ho har skrive sangen ut frå ei generell vinkling på at nokon kjem og tek seg til rette og går over ei grense.

– Når andre tek noko, som om det var deira, og gjer det dei vil med det til eige beste. Eg brukar dryge verkemiddel i sangen, og eg har ikkje behov for å uttrykke meir enn eg gjer i sangen. Men det at eg stiller opp seier vel sitt, seier Hjelmeland.

Solid fagleg program

I tillegg opplyser Førsund at generalsekretær Elisabeth Gammelsæter i Norsk bergindustri kjem, det same gjer leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet, forskar Jan Helge Fosså frå Havforskingsinstituttet, professor i samfunnsøkonomi Finn Førsund, Jan Henrik Sandberg frå Norges Fiskarlag, Johs B. Thue, og mange fleire.

Artikkeltags