Kraftig auke i konkursar

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I september auka talet på konkursar og tvangsavviklingar med 23,3 prosent, samanlikna med september i fjor. I løpet av dei ni første månadene i året var auken 6,1 prosent. Det viser nye tal frå Brønnøysundregisteret.

I september auka konkurstala med 23,3 prosent, målt mot same månad i fjor. Dei fleste fylka hadde ein auke.

Sogn og Fjordane med nest høgst auke ...

Finnmark auka mest, med 150,0 prosent. Sogn og Fjordane auka med 66,7 prosent, Sør-Trøndelag auka med 57,1 prosent, Vest-Agder med 50,0 prosent.

Nokre fylke hadde likevel ein nedgang i september. I Oppland gjekk talet ned med 41,7 prosent, i Nord-Trøndelag med 33,3 prosent, i Hedmark med 28,6 prosent.

For Sogn og Fjordane sin del, var det fem konkursar og tvasgsavviklingar i september i år, mot tre i september i fjor.

... men nedgang totalt i år i fylket

I løpet av dei ni første månadene auka talet på konkursar og tvangsavviklingar med 6,1 prosent i heile landet. Auken var størst i Vestfold, med 25,1 prosent. Finnmark opplevde ein auke på 21,1 prosent, Hordaland ein auke på 16,9 prosent.

Ein del av fylka hadde færre konkursar i denne perioden. I Sogn og Fjordane blei talet redusert med 22,6 prosent, i Møre og Romsdal med 18,4 prosent, i Hedmark med 7,7 prosent.

Artikkeltags