I 18-tida ein torsdag i desember i fjor hamna bilen mannen køyrde to gonger utfor vegbana i Førde.
Mannen vart til slutt køyrd heim, og vart gjort forstått med at politiet ville bli kontakta. Likevel inntok han rusmiddel etter at køyringa hadde funne stad.
Blodprøva av mannen viste ei promille på over 1,5.
No er 49-åringen dømd til fengsel på vilkår i 36 dagar, med ei prøvetid på to år. Straffa blir gitt på vilkår, mot at den dømte deltek på eit promilleprogram over eitt år.
Han må dessutan betale 21.000 kroner i bot for køyreturen, og mistar retten til å ta førarkort dei neste tre åra.