- Køyrde nesten i den!

Ein sofa stod i vegbana på E39 aust for krysset på Moskog.

Ein sofa stod i vegbana på E39 aust for krysset på Moskog. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ikkje lett å oppdage den mørke sofaen i vegbana på E39, seier bilistar.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Seint torsdag kveld oppdaga ein bilist at det stod ein sofa i vegbana på E39 mellom Førde og Jølster.

Ville åtvare

- Den mørke sofaen var ikkje lett å oppdage der den stod omtrent ein kilometer aust for krysset ved Moskog, i retning Eikås. Der står på høgre side av vegen, mot autovernet ned mot elva Jølstra, sa bilisten og bad bilistar vere merksame. Han la til: - Det er svært mørkt akkurat der sofaen står, og den har sikkert ramla av eit flyttelass.

Like etter kom Helen Ripe Lemoen frå Vassenden køyrande saman med ei venninne, Ingunn Fleten.

- Vi køyrde nesten i sofaen! Det unngjekk vi heldigvis. Ein bilist blikna med lysa til oss, så eg forstod at her kunne det vere noko, seier Ripe Lemoen.

Ho synest det er rart at folk har køyrt forbi, og teke bilde, utan å flytte den.

- Var litt i sjokk

- Dette kunne blitt veldig farleg, seier ho. Ripe Lemoen og venninna stoppa og flytta sofaen til ei avkøyrsle.

Ho vedgår at ho og vennina lo godt då dei flytta den. Sjølv om dei var litt sjokkerte også.

- Eg var nok litt i sjokk, seier ho.

- Om nokon lurer på kva to kvinner med ein sofa gjorde midt på E39, så er dette altså forklaringa, seier Ripe Lemoen. Ho forsikrar om at refleksvesten var på då ho gjekk ut i vegen.

Artikkeltags