Korleis blir sommaren?

Vêrobservatør Olai Tefre og vêrprofet Magnus Skildheim.

Vêrobservatør Olai Tefre og vêrprofet Magnus Skildheim. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

Det har vore den tørraste mars månad i Førde på 100 år. Reknar ein frå desember til enden av mars ligg nedbøren på om lag halvparten av normalen.

Les også: Over 100 år sidan sist

Ved den offisielle målestasjonen på Tefre har Olai Tefre full oversikt over vêr, vind og temperatur.

– Det er den tørraste mars vi har registrert her oppe. Vi har lege i ei heldig sone nesten heile vinteren, fortel han.

– Mars var tidlegare ein nedbørsfattig månad, men dette har endra seg litt i seinare tid. Det har vore nedbørsrikt dei seinare åra, men dette går i periodar. Det er lågtrykksbana som bestemmer dette, og vêret i Atlanteren som bestemmer kor det kjem inn. Vi har hatt eit sterkt høgtrykk frå Russland og innover Skandinavia under store delar av vinteren. Dette har gjort at nedbøren har blitt pressa anten nord eller sør, fortel han.

God vinter gir god sommar?

No er mars over og det er ikkje lenge igjen før vinter blir til vår og sommar.

Kan ein vite noko om sommarvêret basert på vinterveret?

Meteorologi-konsulent, Kari Bergfjord ved Meteorologisk institutt trur ikkje det.

– Ein kan sjølvsagt håpe på fleire slike periodar. I 1964 hadde vi ein liknande periode om vinteren, då vart det ein skikkeleg våt sommar, men om det er noko samanheng skal vere usagt, seier Kari Bergfjord.

Heller ikkje Olai Tefre meiner at vintervêr har noko vidare samanheng med sommarvêr.

– Vi kan nok ikkje seie noko om sommaren på dette grunnlaget. Men eg har ein teori: I 2011 hadde vi uhyggeleg mykje nedbør, i 2012 ein meter mindre. Får vi ein meter mindre i 2013, så blir gjennomsnittet om lag som eit normalmånad. Ut ifrå det får vi eit tørt år og ein fin sommar, men ein kan ikkje vite dette. Ein ting kan eg derimot lese ut ifrå dette, straumprisane vil gå opp, ler han.

– Om ein skal vite noko om vêret så langt fram i tid må ein høyre med Magnus Skildheim, skyt han inn.

– Ta tidleg ferie

Magnus Skildheim frå Vadheim har lest teikna i naturen og heldt dei opp mot merkedagar og nedteikna vêrstatistikk i mange år. Han er for tida på sjukehus etter å ha fått slag og har difor ikkje vore så mykje ute i naturen som han skulle ønskt.

Han kan likevel seie litt om kvifor vêret har vore så godt og korleis det kanskje blir.

– Heile dette året har vi ikkje hatt meir enn to månar som ikkje er austamånar, det er mykje av forklaringa på det gode vêret så langt. Med austamånar får ein godt vêr. Ein må tilbake til 1947 før ein finn ein like fin vinter som no, då fekk vi ein fin sommar også. Korleis denne sommaren blir er vanskeleg å seie, men eg har nokre teoriar, seier han lurt.

Når han ikkje kan gå ut for å sjå etter verteikna i naturen som fuglar, tre og dyr baserer han mykje av spådommane på tidlegare observasjonar av månane i forhold til korleis dei vil vere i år.

– Eitt tips er å ta tidleg ferie. Vi har brukt opp mykje av godveret no i vinter. Det blir ikkje berre dårleg vêr i sommar, men truleg veldig skiftande. Eg trur det store veromslaget kjem litt ut i august då kan det bli høljande regn og vind, fortel han.

Artikkeltags