Konkurrerer om eit uhyre ekslusivt oppdrag

May Elin Bjerck konkurrerer om å lage den nye seddelrekkja i Norge.

May Elin Bjerck konkurrerer om å lage den nye seddelrekkja i Norge. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Kunstnaren May Elin Bjerck frå Florø er ein av åtte som konkurrerer om eit uhyre ekslusivt, nasjonalt oppdrag. Det melder Firdaposten.

Skifter ut seddelrekkja

Den noverande seddelrekkja i Norge skal skiftast ut. Det vart kunngjort i desember 2012. Den nye serien av sedlar skal for første gong ikkje ha portrett av kjende personar, men istaden ha havet som overordna tema. Undertittelen er "Havets betydning for landets nærings- og velferdsutvikling".

Før jul i fjor hadde Norges Bank fått inn 70 søknader om å utforme sedlane i ei prekvalifiseringsrunde, og av desse vart åtte kandidatar utvalde på bakgrunn av søkarane si erfaring og motivasjon. May Elin Bjerck er ein av desse.

Brukar oppveksten til inspirasjon

- Eg er oppvaksen i Florø og denne bakgrunnen har betydd mykje inspirasjon og drive i oppdraget med å teikne forslaget, seier Bjerck.

Dei nye sedlane skal ha same valørinndeling som i dag, det vil seie 50, 100, 200, 500 og 1000 kroner. Fargane vil også vere dei same som i dag. Men formatet på sedlane vil bli annleis. Dei vil få same høgd - som den 200-lappen har i dag - medan lengda vil bli ulik. Ein 50-lapp blir 126 millimeter lang, og så blir lengda auka med 7 millimeter for kvar valør. Sedlane skal trykkast på bomullspapir som i dag, og det er rundt 130 millionar pengesedlar som skal skiftast ut.

Nyskapande arbeid

Dei ti motiva kunstnarane måtte lage til konkurransen stod ferdige i juni. Det er ikkje dagleg kost at sedlane i Norge vert skifta ut - den nye serien vert den åttande i rekka.

- Dette er nyskapande arbeid, og det er jo første gong Norges Bank utlyser denne oppgåva. Den er lagt opp som ein plan- og designkonkurranse; ein kategori som sjeldan gir likeverdig plass til kunstnarar. I juryen sit faggrupper med både bank-, seddel- og maritim kompetanse, i tillegg til solid kunstfagleg kompetanse. Difor er konkurransen ei nyskaping, og det har vore fantastisk å arbeide med temaet havet, seier Bjerck.

Blir avgjort tysdag

Dei sju andre som deltek i konkurransen er Blæst Design - Terese Moe Leiner og Geir Henriksen, The Metric System, Christian Messel & Mathias August Passero, Enzo Finger, Ellen Karin Mæhlum, Aslak Gurholt Rønsen og Snøhætta.

Alle utkasta står no utstilte i Grafill (Forening for norske grafikere og illustratører) sine lokaler i Oslo. Vinnaren av konkurransen vert kunngjort i ein tale frå sentralbanksjef Øystein Olsen kommande tysdag.

Artikkeltags