Kongens sølv til Ingvald Ytrehus

KONGENS SØLV: Ingvald Ytrehus frå Svelgen får her overrekt Kongens fortenestemedalje i sølv av ordførar Kåra Olav Svarstad.

KONGENS SØLV: Ingvald Ytrehus frå Svelgen får her overrekt Kongens fortenestemedalje i sølv av ordførar Kåra Olav Svarstad. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Heidra som eldsjel i idretten

DEL

Laurdag fekk Ingvald Ytrehus tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Det var ordførar Kåre Olav Svarstad som stod for den høgtidelege utdelinga under INC-leikane i Svelgen Idrettshus.

Ytrehus har i godt over 40 år vore ein svært engasjert person, som har sett idrettslager og ungane sine behov føre eigne interesser.

Ytrehus er no 70 år, men har ingen planar om å trappe ned, korkje som leiar, trenar eller eldsjel i idrettslager.

Frank Ryland, som foreslo Ytrehus til fortenestemedaljen, seier i søknaden at utan Ytrehus sin fantastiske innsats for friidretten, så hadde ikkje Friidrettsgruppa i STIF eksistert framleis. Han skildrar også Ytrehus som ein gledesspreiar både for ungane som deltek på treningane, og for dei vaksne som hjelper han med trening og reise på konkurransar.

– Det er svært sjeldan at ein slik eldsjel i ein og same person er gruppeleiar, trenar, dugnadsånd og dommar, slik Ytrehus i 40 år har vore, seier Ryland.

Artikkeltags