Kompenserer for meirutgifter

Nøgd: Stortingsrepresentant Bjørn Birger Lødemel (H) meiner det er veldig gledeleg når regjeringa no løyver meir pengar til tunelltryggleik i Sogn og Fjordane.

Nøgd: Stortingsrepresentant Bjørn Birger Lødemel (H) meiner det er veldig gledeleg når regjeringa no løyver meir pengar til tunelltryggleik i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Veldig gledeleg! seier stortingsrepresentant Bjørn Birger Lødemel (H) til Firda om budsjettlekkasjen samferdsleminister Ketil Solvik Olsen (FrP) kom med på Dagsrevyen måndag kveld.

65 millionar ekstra per år i 5 år

I samband med forvaltningsreforma og omklassifisering av vegnettet skal fylkeskommunen kompenserast for meirutgifter som følgjer av dei nasjonale føringane.

Det vart lagt inn pengar til dette i samband med forvaltningsreforma, men summen var for liten. Samla kostnad er no rekna til 2,15 milliardar kroner, noko som gjer at meirutgiftene til fylkeskommunane vert 1,362 milliardar kroner, det vil seie 272 millionar kroner per år i perioden 2015-2019.

Pengane skal løyvast frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), heiter det i ein epost Firda har fått frå stortingsrepresentant Lødemel.
Av dei 272 millionane får Sogn og Fjordane 65 millionar kroner per år i perioden 2015-2019, skriv Lødemel. Med det er Sogn og Fjordane det fylket som får aller mest.

Kan prioritere tunelltryggleik

Stortingsrepresentant Lødemel meiner dette er ei skikkeleg gladmelding for Sogn og Fjordane.

– Dette er veldig gledeleg! Sogn og Fjordane får meir pengar til å prioritere tryggleik i tunellane, og på den måten kunne frigjere pengar til andre viktige samferdsletiltak. Dette er eit stort løft for fylket, slår Lødemel fast.

Det vil no vere opp til fylkespolitikarane å prioritere kva dei ekstra samferdslemillionane skal nyttast til.

Artikkeltags