Kommune-plan skal styrkje nynorsken

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

For å sikre ei god utvikling av nynorsken, ønskjer administrasjonen i Førde at kommunen vedtek ein eigen målbruksplan.

DEL

Etter målbrukslova skal statsorgan nytte den målforma kommunen har gjort vedtak om, når dei skriv til kommunen.

Eit utkast som er utarbeidd byggjer på ein mal frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), men er tilpassa og justert etter lokale språkliner og talemål.

-Kommunen bør ha ein målbruksplan av di den set språkspørsmål på dagsorden og fører til sikrare språkbruk hos dei tilsette. Ein målbruksplan for Førde vil med andre ord vere ein god reiskap til å skape debatt om og haldningar til korleis vi bruker språket. Planen er tilpassa dei konkrete tilhøva vi har i Førde. Når planen er vedteken, må den gjerast kjend for alle tilsette. Den bør også vere ein del av personalhandboka og delast ut til alle nytilsette, skriv kultursjef Håkon Fimland i saksutgreiinga før møtet i formannskapet torsdag.

Fullverdig bruksspråk

-Med ein målbruksplan set vi språkspørsmål på dagsorden og gir dei tilsette klare retningsliner og ei meir medviten haldning i bruken av sitt eige språk, meiner Fimland som ønskjer å sikre nynorsk som eit jamstilt og fullverdig bruksspråk innanfor det offentlege.

-Dette stiller krav om at nynorsk blir brukt i eit omfang som gjer at målforma er godt synleg i det offentlege rommet, noko som gjer at nynorsk kan utvikle seg som eit levande bruksspråk i regionen og i landet, legg han til.

Barn og unge er ei særleg viktig målgruppe i Fimlands auge fordi dei blir utsette for sterk påverknad frå engelsk i ein periode då haldningane deira til språket blir forma.

-Gjennom fjernsyn, film, video og musikk møter dei i mange samanhengar norsk som eit sekundærspråk, seier Fimland og understrekar at det er viktig å synleggjere samanhengar mellom språk, identitet, kultur og næringsutvikling.

Retningsliner for språkbruk

Reglane i mållova byggjer på ein føresetnad om respekt og forståing for det skriftspråket som kommunane nyttar.

-Som hovudprinsipp bør vi halde oss innafor læreboknormalen eller godkjend nynorsk. Kommunen ønskjer eit enkelt, klart og presist språk. Der det finst valfrie former, bør vi bruke den forma som ligg nærast talemålet vårt, meiner Fimland.

I Førde tyder det mellom anna at ein nyttar ord som vi, skule, først, og no, samstundes som ein nyttar e-infinitiv.

Artikkeltags