Komme no, kyra!

Slik er eitt av forslaga til kvar skulpturen kan plasserast. Her lokkar budeia på "Kyra" som står på andre sida av moloen.

Slik er eitt av forslaga til kvar skulpturen kan plasserast. Her lokkar budeia på "Kyra" som står på andre sida av moloen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Ny ku-skulptur inspirert av Torsheim-måleri kan komme i Naustdal. Sjå video

DEL

Naustdal kommune har vedteke at ein ku-skulptur kan plasserast i Sanden-området.

Skulpturen «Kyra» er inspirert av Oddvar Torsheim sitt måleri «Nedkomst» frå 1972, og i tillegg til å pryde landskapet er dette eit heidersmonument til kunstnaren som fyller 75 år i år.

Sjå video: Sjå "Kyra" plassert på Sanden

Avhengig av folket

Det er nettverket Kunst på Tvers som står bak ideen. Leiaren Åsmund Berthelsen beskriv dei som eit laust nettverk som skal vere så enkelt som mogleg reint byråkratisk. Naustdal kommune har allereie vedteke at skulpturen kan plasserast i Sanden-området. Endeleg plassering skal avgjerast av rådmannen i samråd med Kunst på Tvers og etter faglege tilrådingar.

– Vi har blitt einige om at plasseringa ikkje er så viktig for oss. Den kan like godt hamne på øya som ved hamna, seier Åsmund Berthelsen.

Om den einsame budeia på Sanden i Naustdal får besøk av den drektige kua med tre spenar, er no eit spørsmål om økonomi. Fleire søknadar er sendt for å få støtte til kunstverket som har eit kostnadsoverslag på 600.000 kroner.

– Vi har ein søknad inne hos fylkeskommunen og nokre andre instansar, men i likskap med «Budeia» blir vi nok avhengig av folkeleg oppslutnad for å få til dette. Vi tenker også at dette kan gjerast i to etappar, der kua kjem først. Då kan den gå drektig ei stund før kalven kjem, fortel Berthelsen.

Leiken ku

Kunstnar Geir Hjetland har laga modellen i samarbeid med Oddvar Torsheim.

Skulpturen skal vere om lag 4,30 meter høg til toppen av horna og éin meter brei.

– Materialet består av ein god omgang stål og kalven skal lagast i aluminium. Lys vil vere ein viktig del av utsjånaden og LED-lys skal lyse opp magen slik at folk som kjem køyrande i mørket kan sjå kalven. Planen er også å setje lys i auga på kyra, seier Geir Hjetland.

Dette er også i tråd med bilde som også lyser opp i mørket. Inspirasjonen kjem frå eit leikent bilde og tankane dragast difor mot ein leiken skulptur.

– Det skal vere ein stige opp til magen som vil invitere folk til å klatre inn i sjølve kua, seier han.

Artikkeltags