Kollisjon på E39

Artikkelen er over 3 år gammel

Mann i 70-åra fekk førarkortet kverrsett

DEL

Tysdag ettermiddag rykte alle naudetatar ut etter melding om trafikkuhell vest av Avenbukta på E39.

To bilar har kollidert, men så langt politiet kjenner til vart ingen av dei involverte personane skadde i ulykka.

Det var to personar i kvar av bilane. Kollisjonen skal ha skjedd då den eine bilen kom over i motgåande køyrefelt. Føraren av bilen, ein mann i 70-åra fekk førarkortet kverrsett etter hendinga.

Saka vil bli vidare etterforska av Høyanger lensmannskontor.

Artikkeltags