Knuffing i lokalet

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Allereie klokka elleve i går kveld, starta natta for politiet. Dei måtte rykke ut til ein privat bustad i Førde grunna uro. Dei tok med seg ein mann i 20-åra, som fekk sove ut rusen i arresten. Saka blir meldt og følgd opp av Førde lensmannskontor.

Ein time seinare måtte politiet køyre heim ein mann i 50-åra til ein heim i Florø. Han gjekk rundt og var overstadig rusa.

Om lag samtidig hadde politiet promillekontroll på Rv 5 med Evja i Florø, men det viste seg at dei som hadde rørt anna enn vatn, brukte beina.

Kvart over eitt måtte politiet roe ned nokre gjestar på ein tettstad i Måløy. Det hadde vore knuffing i lokalet.

Klokka to vart ein fest for høglytt i ein privat bustad i Innvik. Den måtte politiet avslutte.

Polititet sette også opp promillekontroll i Lærdal klokka to, sjølv om lærdølene førebels hadde oppført seg eksemplarisk. Politiet fann heller ingenting å sette fingen på etter kontrollen.

Artikkeltags