Klart ja til gruveavtale

VINNARANE: Ordførar Håkon Myrvang, Harald Kvame og Trude Meek (i midten) samla klart fleirtal for reguleringsplanen.

VINNARANE: Ordførar Håkon Myrvang, Harald Kvame og Trude Meek (i midten) samla klart fleirtal for reguleringsplanen. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Naustdal kommunestyre sa ja til gruveprosjektet med 17 mot fire røyster torsdag kveld.

DEL

Etter ein fire timar lang debatt sa 17 av 21 representantar at dei ønskjer dagbrot, gruve og eit stort fjorddeponi ved Engebøfjellet i Førdefjorden.

Magnar Falkenstein, Raudt, Ole Erik Thingnes, SV, Kjell Klopstad, H, og Terje Horne, KrF, røysta mot planen.

Spenning om utsetjing

Spenninga i saka var knytt til om Senterpartiet klarte å få fleirtal for utsetjing, for å få ein betre næringsavtale med gruveselskapet Nordic Mining.

Utsetjingforslaget fall med 9 mot 12 røyster.

Tala varmt om arbeidsplassar

Det var dei to største partia i kommunestyret, Høgre og Arbeidarpartiet, som sikra fleirtal for prosjektet. Med unntak av Klopstad, tala fleire representantar varmt om arbeidsplassar, mulegheiter og optimisme.

- Det er på tide at Naustdal no byrjar å seie ja til næringsetablering, sa Turid Anita Viken (H).

Mange forlet salen

Då plansaka var avgjort, forlet svært mange av motstandarane frå Vevring.

Leiar i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe, Arne Underlid, var svært skuffa,men han seier at dei ikkje gir opp kampen. Han hadde venta at fleire skulle gå mot prosjektet.

- Trur vi skal vinne

- No jobbar vi mot behandlinga i Miljøverndepartementet og i Klima- og forureiningsdirektoratet. Eg trur vi skal vinne saka, sa Underlid til firda.no rett etter møtet.

I dag skal Askvoll kommunestyre ta stilling til reguleringsplanen. Saka går vidare til Fylkesmannen og til endeleg avgjerd i departementet, på bakgrunn av at Fiskeridirektoratet har reist motsegn.

- Framleis langt fram

Administrerande direktør Ivar S. Fossum i Nordic Mining seier at han først og fremst er glad på vegner av innbyggjarane i Sunnfjord, og den mulegheita ein no får til å skape framtidsretta arbeidsplassar.

Samstundes understrekar han at det er langt fram før reguleringsplan og utsleppsløyve er endeleg godkjent, og at det såleis framleis knyter seg uvisse til realisering av prosjektet.

Artikkeltags