- Kjemperas i Stongfjorden

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Og det rasar framleis.

DEL

- Det ligg framleis alvorleg store massar att i fjellet over fv. 609 i Stongfjorden, fortel innringar Arild Gjervik. Han meiner det ser ut som om dei resterande massane kan komme når som helst.

- No er det ei diger sprekk der massane har falle ut, og om resten dett ned, så hjelpe meg, fortel han.

Kolo Veidekke er på veg ut til rasstaden.

Rasar framleis

Innringaren såg sjølv ei kjempeblokk som kom nedover fjellsida i 19.45-tida, og vart knust i fallet.

Gjervik, som bur i Stongfjorden, fortel at det framleis rasar stein ned frå fjellet.

- Eg høyrer det kjem ein del einskildsteinar.

Vegen er uskadd

Idun Losnegård, som bur rett under rasområdet, kan stadfeste at vegen ikkje er råka.

- Så vidt vi kunne sjå var det ikkje komme noko stein ned i vegbana, fortel ho.

Les meir om utviklinga i saka her.

Artikkeltags