Denne store kveita fekk Ivar Berge frå Fjærland i garnet tysdag morgon.

Ifølgje svigerdottera Tone Berge, som har sendt inn desse flotte bileta til Firda, er kveita 147 kilo og to meter lang. Altså like tung som to vaksne personar.

– Den var i live då den vart dregen i land, men om det er den største som er teken opp i live frå Fjærlandsfjorden veit vi ikkje, skriv Berge i ein e-post.

Fisken hamna i Berge sitt garn inst i Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune.

– Vi hadde i allefall ein spennande morgon. Moro var det og mat har vi fått, skriv Tone Berge.