Kjempar om investering på 3,5 milliardar kroner

Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Svelgen og Bremanger kjempar for å få den tredje solcellefabrikken til Elkem Solar. Betre veg kan gjere utslaget.

DEL

Det seier plassjef Steinar Talle på Elkem Bremanger. No vil han vekkje fjordingane og samle støtte bak kravet som kan utløyse ei investering på 3,5 milliardar kroner i Svelgen.

– Det vil gje ein enorm effekt i store delar av fylket. Folk flest er ikkje klar over ringverknadene. Det er snakk om 200 arbeidsplassar i Svelgen og kring 600 årsverk innanfor vare- og tenesteyting som følgje av desse arbeidsplassane, seier Talle.

Det er 15 kilometer av riksveg 614 mellom Svelgen og avkøyrsla til Botnane som er den kritiske faktoren. I dag er vegen smal og toler ikkje den trafikkauken ein ny fabrikk vil utløyse.

Fredag hadde Talle, Bjørgulf Myklebust frå Svelgen Utvikling og leiar Rolf Årdal i Sunnfjord Næringsråd møte med Nils R. Sandal og andre fylkestoppar for å få framdrift på prosjektet.

Artikkeltags