Kjempar om bussruter

ANBOD: Firda Billag vil konkurrere om å få køyre ruter i m.a. Selje og Vågsøy.

ANBOD: Firda Billag vil konkurrere om å få køyre ruter i m.a. Selje og Vågsøy. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Ny anbods-kvardag for rutedrifta i fylket.

DEL

Fire selskap har meldt si interesse, etter at bussrutene i Nordfjord vart lagt ut på anbod.

To lokale

Dei fire er Firda Billag AS, Nettbuss Nordfjord-Ottadalen AS, Tide Buss AS og Boreal Transport Sør AS.

Selskapa har alle søkt om å bli prekvalifiserte til å levere bussanbod for Nordfjord-regionen, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Fristen for å melde inn søknad gjekk ut i dag kl. 14.

Fylkeskommunen startar no arbeidet med å sjå kven av dei fire interessentane som blir kvalifiserte for å delta i anbodsprosessen.

Sunnfjord og Sogn neste

Alle bussrutene i Nordfjord-kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn skal ut på anbod frå 23. juni 2014. Anbodet vert lyst ut i november i år.

Seinare skal bussrutene i Sunnfjord og Sogn også ut på anbod. Rutene i Sunnfjord skal startast opp i 2016, medan buss-rutene i Sogn startar i 2017.

Artikkeltags