Gå til sidens hovedinnhold

Kjem til Skei med regionalmeldinga

Artikkelen er over 8 år gammel

Navarsete offentleggjer fredag kva som skal bli regjeringas distriktspolitikk framover.

Regjeringas nye distrikts- og regionalmelding blir ikkje lagt fram i Oslo, men i Sogn og Fjordane.

Presentasjonen skjer på Skei fredag, i samband med at Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er gjest på Sps fylkesårsmøte. Dette er første gong ei stortingsmelding blir presentert i Sogn og Fjordane – i alle fall i nyare tid.

Høveleg stad

– Skei er på mange måtar ein høveleg stad for presentasjonen, sidan knutepunkt og bu- og arbeidsområde er eit viktig tema i regionalpolitikken, seier statsråd Navarsetes politiske rådgivar, Laila Melkevoll (Sp), til Firda.

Sjølve presentasjonen skal skje i tolvtida, etter at stortingsmeldinga har passert statsråd. Då blir Sp-årsmøtet heva, og møtesalen omgjort til ein statleg arena.

Regionbygging

Utsegner statsråd Navarsete tidlegare har komme med, tyder på at tettstadene, regionbygging og utvikling av bu- og arbeidsområde vil stå sentralt i den nye stortingsmeldinga, som skal peike ut den vidare kursen i regjeringas distriktspolitikk.

Meldinga vil venteleg også omtale rolla til eksportnæringane – som er viktige i fylke som vårt – og gjere opp status for distriktspolitikken.

Utgangspunktet

Navarsete ønskjer før offentleggjeringa ikkje å svare på konkrete spørsmål om regionalmeldinga og graden av suksess i regjeringas distriktspolitikk så langt, men har sendt Firda følgjande svar via epost:

«Eg er veldig glad for å kunne legge fram denne meldinga i mitt heimfylke. For meg som statsråd og partileiar, så er mitt tilhøyre til Sogn og Fjordane utgangspunkt for mine politiske ambisjonar og dei sakene eg står for. At Senterpartiet sit med det distriktspolitiske roret i den raudgrøne regjeringa er viktig for vår ambisjon for ei god utvikling for folk som skal leve og bu i heile landet.»