Kjapp, men ikkje kjappast

I 100 meter-finalen tok Øyvind Strømmen Kjerpeset ny personleg rekord innandørs. Han endte til slutt opp på fjerdeplass.

I 100 meter-finalen tok Øyvind Strømmen Kjerpeset ny personleg rekord innandørs. Han endte til slutt opp på fjerdeplass. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Øyvind Kjerpeset Strømmen satte ny pers då sprintarane møttest til dyst i Florø.

DEL

Øyvind Kjerpeset Strømmen følte sjølv at han ikkje hadde ein god dag, men klarte likevel å få ny pers på 100-meteren på Florø Indoor på laurdag.

– Det er fantastisk moro å avslutte sånn. 10,65 her inne viser at eg held meg stabil, sjølv om eg ikkje følte meg 100 prosent, seier Strømmen Kjerpeset.

Godt å komme heim

Florø-guten, som for tida studerer medisin i Oslo, tykte det var godt å komme til heimlege trakter.

– Det er veldig, veldig kjekt. Eg gler meg alltid til Florø-stemnene. Det er utruleg godt arrangert og god stemning. Det er ofte gode sprintarar som er med og eit veldig profesjonelt miljø. Då er det ein fryd å vere med, seier Strømmen Kjerpeset.

Luftige mål

Målet for sesongen til Strømmen Kjerpeset er å få nye personlege rekordar på alle distansar og eit godt EM i Zürich.

– Eg tek meg ein pause frå studiane etter siste eksamen i mars. Så er det fullt fokus på idretten, då spesielt 400 meter hekk. Fram til no ser det utruleg lovande ut for senior-EM i Zürich, så eg gler meg til utandørssesongen er i gang, seier han.

Han er heller ikkje snau med langtidsmåla sine.

– Eg vil til OL med 400 meter hekk. Og eg vil gjere det bra. Eg vil til Rio i 2016 og eg vil til Tokyo i 2020 og eg vil til nesten byen etter det, i 2024, seier han.

Ny norsk rekord

Strømmen Kjerpeset deltok både på 60 meter og 100 meter, men det var ein anna sprintar som stakk av garde med sigeren på 100 meter og gjorde det sterkt på 60 meter.

Jaysuma Saidy Ndure hadde nøyaktig same tid som den polske 60 meter-vinnaren Dariusz Kuc, på 6,65, men sette ny norsk rekord i 100 meter-finalen på heile 10,19.

Ein anna Florø-sprintar som gjorde det godt i dag var Jostein Joshua Fossøy som sette ny krinsrekord på 60 meter med 6,87. Fossøy skulle òg delta på 100 meter, men måtte kaste inn handkleet då han hadde pådratt seg ei lårhøne etter 60-meteren.

– Det er ikkje noko alvorleg, men eg vil heller spare meg no og ta det roleg i tre dagar enn å springe endå eit løp og risikere ein større skade, seier Fossøy.

Artikkeltags