Kasta katt ut av bilen

Artikkelen er over 5 år gammel

Sjokkert vitne tek oppgjer med personen som stod bak: - Kvar er hjartet ditt?

DEL

Monique Levang i Svelgen vart tysdag i førre veke vitne til at ein bilist kasta ein levande kattunge ut av bilen og ned i ei steinfylling i Sandvika, mellom Nesbø og Dyrstad i Svelgen.

Ho og andre leita, ifølgje Firdaposten, etter dyret, men klarte ikkje å finne det.

Fortvila skrik

– Heile ettermiddagen og langt på natt tysdag høyrde vi dei fortvila skrika til kattungen, skreiv ho i eit lesarinnlegg etter hendinga.

Og ja, om du lurte, kattar har ni liv. Eit par dagar etter å ha blitt kasta ned i steinfyllinga, kom kattungen attende i live.

Men Levang er framleis sjokka over at nokon kan gjere noko slikt mot eit forsvarslaust dyr.

- Kva tenkte du?

- Kva tenkte du då du kasta katten ut av bilen? Trudde du at den ville døy av skaden, spurde ho i lesarinnlegget.

- Ein må lure på kva slags menneske du er som kan få deg til å gjere slikt. Kvar har du hjartet ditt. Eg reknar med du er ein vaksen person som var klar over kva du gjorde, heldt ho fram.

Ein tilfeldig forbipasserande fann kattungen to dagar etterpå. Den sat i same området der den vart kasta ut av bilen.

No er katten overlevert til Dyrebeskyttelsen.

Artikkeltags