Karolineprisen til UWC-student

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Årets Karolinepris vart laurdag kveld tildelt UWC-eleven Wanlapa Konkai (16) frå Thailand. Ho er elev ved den internasjonale skulen i Flekke. Tildelinga skjedde i Oslo under eit arrangement i regi av Wang vidaregåande skule.

DEL

-Wanlapa Konkai får prisen på vegner av alle landet humanitære ungdomsorganisasjonar, og tildelinga må sjåast i samanheng med flodbølgjekatastrofen som nyleg ramma hennar heimland Thailand - og fleire andre land i Sør-Aust Asia, seier artisten Trond Myhre.

-Opplevd katastrofen på nært hald

Han er ein av drivkreftene bak etableringa av prisen, som kvart år sidan 1988 har vore delt ut til norske ungdommar som har utmerkt seg innan kunst, kultur eller idrett. Det er artisten Karoline Krüger som først fekk prisen - og har gjeve den namn.

-Årets prisvinnar har på nært hald opplevd den enorme katastrofen i heimlandet. Ho har spontant vore med å organisere ein spontan innsamlingsaksjon til ofra etter katastrofen, og vi voner og trur Wanlapa vil øyremerke prissummen på 20000 kroner til vidare humanitært arbeid, seier Myhre. Wanlapa Konkai fekk overrekt prisen frå Katrine Thoresen -student ved Wang vidaregåande skule - og dotter av den ikkje ukjende fotballprofilen Hallvar Thoresen. Kathrine Thoresen var i Thailand då katastrofen slo til, og det var så vidt ho og andre familiemedlemmer overlevde tsunami-bølgja.

86 kandidatar

Til årets tildeling av Karolineprisen var det frå norske vidaregåande skuler sendt inn framlegg om 86 kandidatar.

Juryen har vore samansett av Karoline Krûger, Ingar F. Lae, Trond Myhre, Anette Groth, Fredrik Skavland og Åge Hareide.

Av tidlegare prisvinnarar er Annbjørg Lien og Eline Båtnes (1990), Cecilie Leganger (1994), Lene Marlin og John Carew (1999) og David Pedersen (2004).

Artikkeltags