Karneval for anarkistar

Ingen slepp unna, og Kjippen er heller ikkje for sarte sjeler. Eit usensurert tilbakeblikk på året som gjekk. Her frå Kjippen ved inngangen til 2010.

Ingen slepp unna, og Kjippen er heller ikkje for sarte sjeler. Eit usensurert tilbakeblikk på året som gjekk. Her frå Kjippen ved inngangen til 2010. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

"Kjippendeltakarane liknar litt på lemen:Dei går i flokk, utan heilt å vite kvifor", skriv Firda-journalist Knut Magnussen om den noko unike feiringa i Florø.

DEL

I kveld, akkurat i det vi går inn i det nye året, vil eit underleg opptog marsjere to gongar gjennom Strandgata i Florø. Det er Kjippen, eit rølpete karnevalsopptog som med ulike byggverk og plakatar, i ordelag som ikkje alltid eignar seg på trykk, kommenterer hendingar frå året som gjekk.

Korleis oppstod dette? er det mange som spør. Men ein dåre kan som kjent spørje meir enn ti vise kan svare, og sanninga er at ingen veit. Kjippen har truleg røter mange stader i landet, i alle fall i Bergen, men det er berre i Florø den framleis er i live og høgst oppegåande. Kva namnet Kjippen betyr, veit ingen, og det er heller ingen som veit når den oppstod, ifølgje folk som faktisk har prøvd å forske på slikt.

For sjølv om teoriane om opphavet til Kjippen er mange, er det svært lite vi faktisk veit, trass i at florøværingane truleg har halde på med slikt sidan før første verdskrigen. Kjippen er dermed ein hundre år lang tradisjon. Trass i det, er det svært lite av skriftlege kjelder å leite i for den som vil finne ut meir om Kjippen. Avisene ville truleg ikkje, av diskresjonsomsyn, omtale fenomenet, og møteprotokollar finst naturegvis heller ikkje, rett og slett fordi det aldri har eksistert nokon arrangementskomité. Hadde ein hatt noko slikt, hadde truleg heile greia vore nedlagt for lengst.

For Kjippen går på sjølvstyr, driven av tradisjonar, bypatriotisme, livslyst, eit snev av skadefryd og rikelege mengder alkohol og feststemning. Kjippendeltakarane liknar litt på lemen:Dei går i flokk, utan heilt å vite kvifor. Og på den måten held dei i live ein av dei mest særmerkte folkelege kulturtradisjonane vi har her i fylket.

Og tradisjonen er sterk:?Oppslutnaden har vore jamn gjennom dei siste to-tre tiåra, sjølv om talet på tilskodarar kan variere etter vind, vêr og føretilhøve. At ein i det siste også har laga til Barnekjippen, med avsluttande fyrverkeri slik at også dei yngste får med seg litt av løyene, vil truleg vere med på å halde tradisjonen i live.

Kjippen har sjølvsagt endra seg med åra: På femti og sekstitalet var blåsing i tåkelurar kanskje det fremste kjenneteiknet. Men etter kvart er plakatar og byggverk det viktigaste, i tillegg til å kle seg ut. Folk strøymer til for å få med seg kjippenkommentarane, der det ikkje blir spart på verken fyndord eller noko anna, for Kjippen er ingen stad for sarte sjeler. Enkelte plakatar har nok frå tid til annan gått langt over streken for det nokre meiner er sømeleg. Det får stå si prøve. For etterpå, som nærast for å understeke at gjort er gjort, og takk for det som var, blir plakatar, byggverk og alt anna brent på fellesbålet. Ingenting er att, verken av året som var eller av Kjippen.

Og når Kjippen går i natt, skal eg vere der, som slekta har vore i eit par generasjonar før meg, og også eit par generasjonar etter meg vil heldigvis vere representert. «Florøsjela» er eit uttrykk som har blitt brukt om nokre gamle trehus i byen. Men leitar du etter florøsjela, finn du den ikkje blant plankar og takstein. Du treff den snarare i Kjippen. Så er spørsmålet:?Kor lenge vil Kjippen leve? Svaret er enkelt:?Så lenge folk synest det er moro.

Artikkeltags