Kåra til Norges vakraste

Rallarvegen på veg ned Kleivagjelet.

Rallarvegen på veg ned Kleivagjelet. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Norges flottaste sykkeltur er å finne i vårt fylke.

DEL

Magasinet Reise og Ferie har i samarbeid med Syklistenes Landsforening kåra dei ti flottaste sykkelturane i Norge, og øvst på lista tronar Rallarvegen.

- Vi kjem ikkje utanom Norges mest populære sykkelveg. Den 210 km lange reisa er eit must både for nybegynnarar og meir erfarne, står det blant anna i grunngjevinga for valet.

Dei vanlegaste startpunkta for ein sykkeltur på Rallarvegen er Haugastøl eller Finse i Hordaland. Turen endar i Flåm i Sogn.

Reise og Ferie og Syklistenes Landsforening har komme fram til denne topp 10-lista over Norges flottaste sykkelturar:

1. Rallarvegen (Hordaland/Sogn og Fjordane). Strekning: Geilo–Voss.

2. «Himmelblå» Kystriksveg (Nordland). Strekning: Brønnøysund–Sandnessjøen–Brønnøysund.

3. Mjølkeveien (Oppland). Strekning: Rundtur på Stølsvidda, eller på langs fra Golsfjellet til Fagernes.

4. Dovrefjell og Rondane (Oppland/Hedmark). Strekning: Hjerkinn-Dovre.

5. Oslofjorden (Østfold/Vestfold). Strekning: Son–Jeløya–Horten–Stavern.

6. Mjøstråkk (Oppland/Hedmark). Strekning: Lillehammer–Hamar-Gjøvik.

7. Jæren (Rogaland). Strekning: Egersund–Stavanger.

8. Telemarkskanalen (Telemark). Strekning: Skien - Dalen.

9. Numedal (Buskerud). Strekning: Geilo (Ånevatn)-Kongsberg.

10. Ona fyr og Atlanterhavsvegen (Møre og Romsdal). Strekning: Molde-Kristiansund.

Artikkeltags