Kan få fiber i luftspenn

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I haust blir det tildelt nye midlar for utbygging av breiband. Det kan gje breiband i luftspenn på Værlandet og i Bulandet.

DEL

I år vart det innført ein ny støtteordning for utbygging av breiband. I staden for at fylkeskommunen fordelar midlar, skal det no søkast til post- og teletilsynet.

Den nye ordninga kom med korte fristar og mange kommunar har måtta kaste seg rundt for å rekke søknadsfristen.

Velforeininga tok jobben

Eit innbyggarinitiativ var til hjelp når Askvoll skulle sende inn sin søknad.

– Velforeininga i Bulandet og Værlandet hadde jobba med ei løysing og var klare til å vere med på søknadsrunden denne gongen, seier rådmann Håkon Loftheim.

Arnt Henning Blom er ein av dei som har jobba med å førebu søknaden.

– Vi har kartlagt kor mange som er interesserte og har utarbeidd eit kostnadsoverslag.

I overslaget er det lagt opp til eit spleiselag mellom kommune, privatpersonar og lokale bedrifter. Det er søkt om er 70 prosent støtte og 30 prosent eigendel.

– Det blir spennande å sjå. Vi veit ikkje kva fordeling post- og teletilsynet kjem til å legge opp til, seier Loftheim.

Breiband i luftspenn

På grunn av infrastruktur og grunntilhøve på øyane kan det bli dyrt og vanskeleg å grave ned fiberleidningane. Velforeininga har difor hatt ein dialog med Sogn og Fjordane Energi om å få bruke stolpenettet.

– Luftspenn vil gjere det rimelegare og er det alternativet vi snakkar om no. Det kan endre seg om vi finn ein aktør som vil grave nettet ned, seier Blom.

Dugnadsarbeid

Om det faktisk blir fiber får vi først vite etter at post- og teletilsynet har gjort tildelingane i haust. Etter det skal kommunen vurdere prosjektet på nytt og legge det ut anbod.

– Etter planen kan utbygginga starte våren 2015, seier Loftheim.

Blir kostnadane store og eigendelen høg er det ikkje utenkeleg at frivillig innsats og private midlar må til.

– Internett betyr alvorleg mykje og det er stor vilje til å jobbe dugnad, seier Blom.

Betre nett i sentrum

Askvoll sentrum kan også få fibernett innan kort tid. Mest truleg mellom Ask og Røyset.

Breibandsmidlar som var til overs etter ferdigstilling av eit anna prosjekt blir overført til sentrum.

– Vi arbeider med ei utlysing der vi vil ha fleire alternative soner. Ytterpunkta vert truleg Røyset i vest og Ask i aust. Kostnad avgjer kva som kan realiserast, seier rådmann Håkon Loftheim.

Knut Jan Mjåseth bur på Nordeide, nokre kilometer frå sentrum. Han synest det er flott at det kjem betre nett, men hadde håpa at grendene vart prioritert.

– Askvoll sentrum har allereie ganske god dekning gjennom koparnettet. Vi bur så langt unna at dekninga er treig og ustabil, seier han.

Fleire prosjekt

Andre prosjekt er nett via radiolink på Hellestrand og i Vårdal. Også Stongfjorden har vore omtala, men kom for seint til å vere med denne runden.

Breibandsleverandørar ser ikkje noko kommersielt potensial i Askvoll, difor kjem all utbygging først når det er tildelt midlar, eller der kommune og innbyggarane sjølv er med.

Artikkeltags