Kan bli din for 200. 000 kroner

Teaterbåten blir lagt ut for sal for høgstbydande over 200.000 kroner. Arkivfoto

Teaterbåten blir lagt ut for sal for høgstbydande over 200.000 kroner. Arkivfoto Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Teaterbåten lagt ut for sal

DEL

Teaterbåten «Innvik», som i ei årrekkje gledde folk langs vestlandsfjordane, er lagt ut for sal.

Den ombygde bilferja fungerte som teaterbåt i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal frå 1982 til 2001. Dei siste ni åra har båten lege til kai ved hamnelageret like ved operaen i Bjørvika i Oslo.

No sel eigaren Nordic Black Theatre skuta dei har hatt tilhald i sidan 2001 for høgstbydande over 200.000 kroner, skriv nettstaden E24.

I Oslo er båten blitt brukt både som teaterscene og som overnattingsstad.

– Vi har hatt ni fantastiske år i båten, men no har det blitt stadig større krav frå Oslo kommune for å kunne halde fram drifta. Bed & Breakfast-verksemda er stengt, og vi har måtte avgrense kor mange menneske vi har om bord på ein gong, seier dagleg leiar Jarl Solberg i Nordic Black Theatre til E24.

Med stadig strengare krav til drifta om bord i teaterbåten, ser ikkje Solberg lenger økonomi i å halde fram.

Artikkeltags