Kan bli del av nytt Vestlandsuniversitet

Høgskulen i Sogn og Fjordane har ca. 3700 studentar og ønskjer i utgangspunktet å behalde sjølvstyret, men ser på moglegheiter for fusjon både i nord og sør.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har ca. 3700 studentar og ønskjer i utgangspunktet å behalde sjølvstyret, men ser på moglegheiter for fusjon både i nord og sør. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein fusjon av høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund kan vere i emning. Høgskolen i Bergen trur det kan bidra til å få universitetsstatus.

Etter det studentavisa Studvest erfarer er Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskolen i Bergen (HiB) aktuelle for ein fusjon.

– Det stemmer. Men dette er ikkje dei einaste moglegheitene for ein fusjon, utan at eg vil gi namn på andre aktuelle institusjonar, seier rektor ved HiB, Ole-Gunnar Søgnen, til avisa.

Diskuterte strukturen

Førre veke møtte representantar frå studieinstitusjonane på Vestlandet Kunnskapsdepartementet (KD) i Stavanger. Her blei den framtidige strukturen i regionen diskutert.

Ifølgje Studvest gav alle institusjonane beskjed om at dei helst ønskjer å halde fram med sjølvstyre medan dei samarbeider gjennom Universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet (UH-Nett Vest).

Dette var ikkje KD nøgde med, noko som betyr at kutt i talet på utdanningsinstitusjonar er svært sannsynleg.

HiSF innstilt på endring

Siste vedtak frå Høgskulen i Sogn og Fjordane går ut på at skulen ønskjer å behalde sjølvstyret, men rektor Åse Løkeland er innstilt på at det kan bli endringar framover.

– Inntil vidare held vi oss til siste styrevedtak, men i Stavanger kom det tydeleg fram at KD ikkje vil tillate at alle institusjonane på Vestlandet beheld sjølvstyret. Vi må gjere ei utgreiing for å sjå kva det vil innebere for oss, seier Løkeland til Studvest.

I tillegg til ein invitasjon frå HiB har HiSF fått førespurnader frå høgskular på Nordvestlandet. Løkeland påpeikar at HiSF sine ulike fagfelt samarbeider med ulike institusjonar. Fornybar energi jobbar til dømes tett med NTNU, medan sjukepleiarstudiet samarbeider meir med Bergen.

– Vi vil sjå på korleis vi kan få størst samla, fagleg utvikling. Vi har mange fagfelt å ta omsyn for å få til det.

Studentleiar svært kritisk

Studentleiar ved HiSF er redd for å miste lokalt høyre til ved fusjon.

– Ut frå det eg høyrer verkar det som om det går mot ein fusjon med Høgskolen i Bergen (HiB). Dette er eg veldig kritisk til, seier Tollak Mikal Kaldheim, leder for Studentparlamentet ved Høgskolen i Sogn og Fjordane (SP-HiSF).

Han fryktar at ein fusjon kan øydelegge ein av dei største styrkane til høgskulen.

– Per i dag har vi blant landet sine mest fornøgde studentar, noko vi trur har med nærleiken mellom studentar og førelesarar å gjere. Dette risikerer vi no å miste, seier Kaldheim til studentavisa.

Lengre veg til der avgjerslene blir tekne, betyr truleg mindre nærvær i lokalsamfunnet, meiner han.

– Det er ikkje alltid sånn at større nødvendigvis blir betre, seier studentleiaren til Studvest.

Artikkeltags