Gå til sidens hovedinnhold

Kallar Heggø ein svikar

Artikkelen er over 11 år gammel

Partikollega skuffa over sjukehusuttale

Jorunn Eide Kirketeig går hardt ut mot partikollega i Ap Ingrid Heggø, etter at stortingsbenken gjekk i eit lukka møte med ei aksjonsgruppene for dei ulike sjukehusa tysdag.

Reagerte med vantru

I samband med møta opplyste leiaren for benken Ingrid Heggø, at stortingsrepresentantane krev konsekvensutgreiingar før styret i Helse Førde vedtek si varsla omlegging av tenester og tilbod sjukhehusa imellom.

Dette reagerer Jorunn Eide Kirketeig i Førde Ap sterkt på. " Det er med vantru eg har høyrt og lese i media i dag at stortingsbenken gjekk i lukka møte med aksjonsgruppe.

" Som eit svik"

"Det har vore vanskeleg å vere arbeidarpartipolitikar i Førde i dag. Uttalane frå Heggø i media i dag kjennest for meg som eit svik mot dei løfta og avtalane vi hadde i valkampen.

Eg opplever at Heggø med dette utspelet uttaler mistillit til styret, trenerer arbeid", skriv ho i det opne brevet til Sogn og Fjordane Arbeiderparti"

Demokratisk dilemma

Ho meiner heile stortingsbenken sviktar veljarane i Sogn og Fjordane. Eide Kirketeig viser til at alle parti under valkampen lova å jobbe for lokalsjukehusa våre og eit sterkt sentralsjukehus. "Det gjorde Arbeidarpartiet sine fremste listekandidatar og", skriv Ap-politikarane i brevet.

"Det er eit demokratisk dilemma når aksjonsgrupper vinn framom partipolitikk. Aksjonsgruppe kan ikkje erstatte partipolitisk arbeid, skriv Eide Kirketeig og legg til at det må vere tydelege skiljelinjer mellom aksjonsgrupper sitt arbeid som lobbyistar kontra formelle demokratiske prosessar.

Håper Heggø er feilsitert

Ap-politikaren skriv vidare at ho ventar at stortingsrepresentantane viser klokskap nok til å ikkje la seg verte rivne med av aksjonistar, aller minst bak lukka dører.

Ho legg vidare til at ho håper Heggø er feilsitert og har uttalt seg misvisande, og at ho går ut og dementerer det ho har uttalt i media.

"Det blir heilt feil når Heggø tar parti med to aksjonsgrupper og samtidig uttaler seg mindre positivt frå møte med informantane ved sentralsjukehuset."

- Vis respekt

No krev Eide Kirketeig at styremedlemmene i Helse Førde får arbeidsro og at stortingsrepresentantane ikkje går inn for å detaljstyre helseføretaka, men at dei held seg til rammevilkåra rundt helseføretaka.

" Vis litt respekt for den posisjonen vi har gitt dykk. De er valde av folk i heile Sogn og Fjordane, vis respekt for det", skriv Jorunn Eide Kirketeig vidare i brevet til Sogn og Fjordane Arbeiderparti.