Kallar forsvinninga ei stor gåte

Resultatlaus leiting i Gloppen også i helga kan bety at den sakna 35-åringen har forlete området.

Resultatlaus leiting i Gloppen også i helga kan bety at den sakna 35-åringen har forlete området. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet ber om tips

DEL

Leitemannskapa i Gloppen står heilt utan spor etter den sakna 35-åringen Per-Arne Hestenes.

Les også: Politiet avkreftar rykte

– Leitemannskapa har gjort ein kjempejobb, men vi står like blanke som då vi starta leitinga, seier Gloppen-lensmann Nils Ove Roset til Firda.

Heile landet som søkjeområde

Ifølgje Roset er det einaste gledelege at politiet no er sikre på at Hestenes ikkje har skadd seg i uhellet og lege ute og hatt det vondt.

– Vi veit han ikkje er i området, så no vert på eit vis heile landet søkjeområde. Korleis det skal handterast, kan eg ikkje seie noko om no, sa Roset til Firda klokka 19:30 søndag.

Står heilt utan spor

– Dette er ei stor gåte for politiet og for alle andre som er med i leiteaksjonen. Dersom Hestenes skjuler seg på grunn av ulukka, så kan eg forsikre han om at det ikkje er noko grunn til det.

Dersom nokon veit noko, så er politiet takksame for tips, seier Gloppen-lensmannen.

Artikkeltags